- Pris: Kr 400,-
- Arrangør:
- Ørsta
- (heldags)

Er du 14 år eller eldre? Har du valgt trivselsagent som prosjekt i år? Da kan du vere med på samlinga for trivselsagentane i Møre og Romsdal.
Har du lyst å skape trivsel for dei som er rundt deg og fremme 4H i lokalmiljøet ditt? Vil du lære meir om deg sjølv? Då håper vi du har valgt trivselsagent som prosjekt i år, og kan vere med på to fellessamlingar med andre trivselsagentar i fylket.
Her kan du lese meir om kvifor du bør velge trivselsagent som prosjekt.
Trivselsagent er både eit individuelt prosjekt, og eit samarbeidsprosjekt med andre agentar i fylket.
Individuelt som trivselsagent, skal du gjennomføre eit trivselstiltak i klubben. Kansje kan du invitere til brettspelkveld? Du skal også gjennomføre eit trivselstiltak i heimbygda. Kansje har du ein, eller fleir naboar som er veldig glad i vaffler? Vi ønskjer også at du skal delta på minst eit fylkesarrangement der du bidra med leik, planlegging eller organisering.
I samarbeid med trivselskoordinatorane Tare og Ingvild, ønskjer vi at du og alle dei andre trivselsagentane skal delta på to samlingar der du kan lære mykje meir om kva det vil seie å vere ein trivselsagent, dele erfaringar og delta på kjekke aktivitetar i lag med gruppa.
Program til den første samlinga
Fredag 11.03.
kl. 18.00 - Oppmøte og innlosjering.
kl. 18.30 - Bli kjent del 1
kl. 19.00 - Middag
kl. 20.00 - Første del av trivelskurset
kl. 21.00 - Bli kjent del 2
kl. 23.00 – Ro i hytta
Laurdag 12.03.
kl. 07:30 – Vekking
kl. 08:00 – Frukost
kl. 09.00 - Kurs
kl. 11.00 - Lunsj på bål
kl. 12.00 - Kurs ute
kl. 17.00 - Middag
kl. 19.00 - Quiz og spelkveld
kl. 21.00 - Fritid
23:00 – ro i hytta
Søndag 13.03
kl. 08.00 – Frukost
kl. 09.00 - Oppsummering av helga
kl. 11.00 – Lunsj
kl. 12.00 - Rydding, utsjekk og heimreise.
- Forandring i programmet kan forekomme
Litt praktisk informasjon
Den første samlinga blir i Ørsta den 11.-13. mars, og påmeldingsfristen er sett til 02.03.2022.
Påmeldinga er bindande.
Dette er samme helga som 4H Møre og Romsdal arrangerer Inspirasjonssamling i Molde.
Det blir overnatting på Åmås Events Guesthouse.
Vi vil vere litt ute og litt inne, så du treng klede og ein god dose positiv energi til dei ulike seansane denne helga.
Prisen er sett til 400 kr for å dekke overnatting og øvrige utgifter.
For å melde deg på, går du inn via medlemsregisteret på "mine sider" www.4h.no, eller klikker øvst på dette arrangementet.
Meir informasjon om samlinga blir sendt ut til dei påmeldte.