Trivselsagent er eit prosjekt som er både individuelt og eit samarbeid med andre agentar i fylket. Difor blir det lagt opp til fellessamlingar i fylket, noko du kjem til å ha stort utbytte av.

På samliga vil du lære kva det vil seie å vere ein trivselsagent, dele arfaringar med andre og delta på kjekke aktivitetar. Samlingane vil bli brukt til å gjennomgå ulike kurs, planlegging av prosjektet og til å ha det gøy saman!

Krava i Trivselsagent-prosjektet er:

- Gjennomføre eit trivselstiltak i klubben.
Kva med å arrangere brettspelkveld til klubben? 

- Gjennomføre eit trivselstiltak i bygda/heimplassen.
Kva med å steike vafler til naboen, eller hjelpe til på ei messe? 

- Delta på minst eit fylkesarrangement.
Her sett arrangørane pris på om du kan sette i gang leik om det er nødvendig, eller bidra med planlegging og organisering.

- Delta på trivselsagentsamlingane.
Her vil du få tips, triks og innspel til kva ein trivselsagent er, og korleis du kan gjennomføre dine val i prosjektet. 

Her kan du lese meir om den første samlinga til trivselsagentane. 

- Synliggjere 4H i media.
Legg ut kva du, eller din klubb gjer!

I den fyrste kurshelga vil du få meir informasjon om alt dette, og tips til korleis du kan gjennomføre ditt prosjekt. Høyres dette ut som noko for deg? Då må du velje trivselsagent som prosjekt i år! 

Send gjerne ein e-post til moreogromsdal@4h.no,  eller ring kontoret om du har spørsmål.