- Pris: Kr 400,-
- Arrangør: 4H Møre og Romsdal
- Tafjorden
- (heldags)
Ønskjer du å delta på ei helg med fokus på jakt- og fiske i Tafjorden, på Sunnmøre? Helga den 19.-21. november, har du anledning til det. Ny påmeldingsfrist
Avlyst
Vi veit at det er mange 4H’ere som er interessert i jakt og fiske, og at enkelte har både tatt jegerprøva og hatt jakt som prosjekt i 4H, dette synest vi er kjempe spennande!
Gjennom å invitere erfarne, uerfarne og interesserte til jakt-og fiskehelg i Tafjorden ønskjer vi å bygge litt meir på dette. Her vil vi ha fokus på jaktopplevingar og mat fra vilt, der målet er å skape ei spennande helg som gir deg ein praktisk introduksjon til storviltjakt, og eit innblikk i korleis ein typisk jaktdag kan vere. Her er det plass til både dei med mykje erfaring som søker ein sosial arena å jakte på, og dei som har lite erfaring som ønskjer å sjå kva dette er.
I lag med Britt Ingunn Tafjord og Tafjord Jaktlag, får de eit innblikk i deira jakt-tradisjon og forvaltning av storvilt. Om jaktlaget er heldige, vil det også bli rom for å delta på slakting i etterkant av jaktøkta.
Praktisk informasjon
Det er begrensa plass på dette arrangementet, så hiv deg rundt for å sikre deg ein plass!
- Aldersgrensa for å delta er 14 år.
- Det vil ikkje vere høve til å ta med eige våpen, men vi legg til rette for eit vidt spekter av opplevingar der deltakarane får mogelegheita til å sitte på post med erfarne jegarar eller bli med som drivar.
- Det er plass til 10 personer på jakt og fiskehelga, men det må vere minst fem for at vi skal gjennomføre.
- Overnatting blir i Tafjorden, men vi kjem tilbake til dette når vi ser kor mange som melder seg på.
- Jaktlaget kjem tilbake med meir informasjon om jaktstad, og pakkeliste vil bli sendt ut til deltakarane i etterkant av påmelding.
- Gruppa blir delt opp i to jaktgrupper som får mogelegheit til å delta på jakt laurdag eller søndag. Gruppa som ikkje jaktar vil få muligheten til å delta på fiske, og vi legg opp til ein liten tur og klatring på laurdagskvelden.
Program
Fredag 19.11
19.00 – Oppmøte og innlosjering
20.00 – Middag
21.00 – Informasjonsmøte
Laurdag 20.11
07.30 Frukost for dei som skal ut på jakt.
- Lag lunsj
08.30 Avreise jakt.
08.30 Frukost for dei som skal ut på første fiskeaktivitet
- Lag lunsj
09.30 Avreise fiskeaktivitet
10.00 – 13.00 Fiskeaktivitet
15.00 Mellommåltid.
18.00 Klatring - eventuelt slakting.
20.00 Middag
21.00 Foredrag om forvaltning og jakttradisjoner
Søndag 21.11
07.30 Frokost for dei som skal ut på jakt.
-Lag lunsj
08.30 Avreise jakt.
08.30 Frokost for dei som skal ut på fiske
- Lag lunsj
09.30 Avreise fiskeaktivitet
10.00 – 13.00 Fiskeaktivitet
14.00 Felles middag.
15.00 Slakting
17.00 Avsluttning og heimreise
NB: Kort påmeldingsfrist og meir informasjon blir sendt ut til dei påmeldte.
Ta kontakt med karianne.skotte@4h.no om du har spørsmål eller treng tilrettelegging.
Økonomi skal ikkje være ei hindring for å delta på 4H sine aktiviteter – alle som vil, skal være med. Det er no mogeleg å søke om deltakerstøtte for aktivitet og prosjekt.
Deltagerstøtte - 4h