Skal du vere med på fylkesleir som vaksenleiar eller har med barn under 4H-alder? Då er du på rett plass. 

Her har du to ulike måtar å melde deg på:

Med medlemsnummer - Vi ynskjer att alle som kan nyttar denne måten:

Klikk på "påmelding" , så kjem du rett inn i systemet. Er du registrert som pårørande HAR du medlemsnummer, dette finn du ved å enten:

- be ein klubbrådgjevar (eller nokon i styret) om å finne det. 

- be kontoret om å finne det til deg: moreogromsdal@4h.no

Fyste gang du logger deg inn skriv du inn medlemsnr. og trykker på "glemt passord", då vil eit passord bli sendt til deg på mail og du kan endre dette når du har logga inn. 

Utan medlemsnummer:

Om det er med vaksne som ikkje har medlemsnummer, eller yngre barn til leiarar, som ikkje er med i 4H – skal dei meldast på via Formsskjemaet som ligg til høgre på sida her.  Vi vil då manuelt legge deg inn på deltakarlista. 

Pris:

Deltakaravgift: kr. 1200,-  

Vaksen leiar: kr. 800,-  

Landsleirdeltakar : kr. 800,-  

Barn til leiarar under 4H-alder, og som IKKJE skal delta på aktivitetar: kr. 800,-(Ved påmelding melder ein desse på via Formsskjemaet)  

Betaling:

Alle leiarar får tilsendt faktura, denne må betalast før leiren startar(det er vanleg at klubben betalar for leiarar). Påmeldingsfristen er 26.mai for medlemar og 29. mai for vaksne. Fristane er endelege!!

Skulle nokon likevel ha ein så god grunn at dei får melde seg på etter fristen er gått ut, er prisen dobbelt uansett grunn.  

Ei lita presisering, påmeldinga til leiren er bindande, så om nokon vel å melde seg av etter at påmeldingsfristen er gått ut – blir ikkje leiravgifta refundert. Er det pga sjukdom kan ein nytte eiga reiseforsikring.  Dette fordi vi etter den datoen bestiller mat og aktivitetar.  

 

Påmeldingsfrist for vaksneleiarar 29. mai 
 

Meir informasjon om Fylkesleiren
Samt påmelding for deltakarar,landsleirdeltakar og alumnar(som ikkje skal ver leiarar for ein klubb)