Leiren skal vere ved Jetmund Gjesteheim midt i sentrum av Åheim i Vanylven kommune.  
Her blir det fire dagar med spannande aktivitetar, tevlingar, leik og mykje sosialt samvær. Du treff igjen gamle 4H-vener, og får nye venner frå heile fylket.  

 

Praktisk informasjon

Påmelding

Pris

Huskeliste

Program

Aktivitetar

Leirreglar

Siste info til påmeldte

Praktisk informasjon:  

Kva er leir?  

På leir med 4H skal du sove i telt på gras. Du søv i lag med andre i din klubb, men og andre klubbar vil vere i ditt tun. Du får servert middag men dei andre måltida må du ordne sjølv (Din klubb bruker å ha eit samarbeid på dette. ) Mjølk og yoghurt får du til brødmåltid. Alle som er medlem i 4H kan vere med, men foreldre og søsken kan og melde seg på så du kan ta med deg nokon du kjenner. 

Påmeldinga opnar 22, april.

Enkelte aktivitetar har avgrensa med plassar, så ikkje vent med å melde deg på om du skal vere sikker på å få førstevalet ditt.  

Tema for årets leir er jonsokfeiring med fantetog

På Søndagen er det Jonsokaftan, då skal vi kle oss ut og gå i “Fantetog”  som ein innmarsj til jonsokebålet. I fantetog kan ein kle seg ut som kva som helst, her er det berre fantasien som set grenser. Det er sjølvsagt ganske vanleg med jonsok-brudepar, og det vert fleire kåringar  her. Det vert og kåring av beste pynta tun til jonsokefeiringa. Tenk kreativt, ta utgangspunkt i tradisjonar der du kjem frå, eller lat deg inspirere av “midtsommarafton” i Sverige. Her er det berre fantasien som set grenser.

Barn som har på kostymer

Volleyball og tautrekking 

Det blir turnering i både volleyball og tautrekking. I volleyball er det to klasser; aspirant-klasse og  junior/senior-klasse det vert kjempa om pokal i begge klasser. Innmelding av lag til leirkontoret  seinast laurdag kl. 9.00. 

Tun 

Vi skal sjølvsagt dele leirområdet inn i tun. Tunet består som regel av fleire klubbar, men alle i same klubb får bu i same tun. Det blir sendt ut info om kven som skal bu i lag før leiren, om de ynskjer å samarbeide om noko. Ynskjer du noko å sitte på i ditt tun og eventuelt eit bord til frukosten så må de ha med dette sjølv (tips, organiser dette saman med eigen klubb). 

Kiosk 

Det blir kiosk i leiren, med sal av frukt og grønt i tillegg til dei tradisjonelle kiosk-varene. Dersom det er behov for kjøp av brød, må de gi beskjed om dette i forkant. 

Miljøtorg 

Tradisjonen tru stiller Moral med miljøtorg. Her blir det sal av diverse drikkevarer, moraltoast, vafler og moral-is. Miljøtorget er ein samlingsplass for mykje sosial aktivitet, kos, spel, musikk og anna moro. Følg med i løpet av leiren for plutseleg blir det sett igang ein leik, dans, quiz eller anna morosam aktivitet. I kiosken og miljøtorget blir det mogleg å betale med kontantar eller VIPPS. 

Vaksne leiarar 

Det bør vere ein vaksen leiar pr. 10 barn. Har de problem med å finne nokon som vil vere med, så går det an å avtale med ein naboklubb(då må vi få beskjed om det). Vaksne kan og dele opphaldet (første halvparten- andre halvparten, meld i så fall på berre på ein leiar og gi beskjed til leirkontoret ved bytte). Leiarane melder seg på i eiga påmelding med litt seinare frist enn for medlemmane, så de veit kor mange deltakarar som vil reise. 

Påmelding: 

Påmelding via heimesida «Fylkesleir Åheim 2024, medlem» 

Du skal berre velje ein aktivitet. Dersom det blir fullt på ditt ynskje får du beskjed med ein gong og du kan velje på nytt. Alle medlemmar betalar ved påmelding, med kort eller vips. 

Alle vaksne med medlemsnummer skal velje «Fylkesleir Åheim 2024, leiar» 

Dei vaksne skal ikkje velje aktivitet, dette for å ikkje ta opp plassane til medlemmane. Vi vil plassere vaksne på aktivitetar etter behov/kapasitet – har du spesielle ynske kan du føre det på i fritekstfeltet ved påmelding. 

Om det er med vaksne som ikkje har medlemsnummer, eller yngre barn til leiarar, som ikkje er med i 4H – skal dei meldast på via Formsskjemaet som ligg på heimesida. Er du registrert som pårørande har du medlemsnummer(be nokon i styre i klubben, eller kontoret om å finne det til deg). Alle leiarar får tilsendt faktura, denne må betalast før leiren startar(det er vanleg at klubben betalar for leiarar). 

Påmeldingsfristen er 26. mai for medlemar og 29. mai for vaksne. Fristane er endelege!! 

Skulle nokon likevel ha ein så god grunn at dei får melde seg på etter fristen er gått ut, er prisen dobbelt uansett grunn. 

Ei lita presisering, påmeldinga til leiren er bindande, så om nokon vel å melde seg av etter at påmeldingsfristen er gått ut – blir ikkje leiravgifta refundert. Er det pga sjukdom kan vedkommande bruke eiga reiseforsikring. 

 

Pris:  

Deltakaravgift: kr.1200 

Vaksen leiar: kr. 800 

Landsleirdeltakar: kr.800 

Alumn: kr. 600 

Barn til leiarar under 4H-alder, og som IKKJE skal delta på aktivitetar: kr. 800,-(Ved påmelding melder ein desse på via Formsskjemaet på heimesida)  
Påmelding for leiarar utan medlemsnummer, evt barn under 4H-alder.

 

Hugseliste  

  • Telt (og plast/presenning) bord, stolar (organiser i klubben) 
  • Sovepose og liggeunderlag 
  • Regnkler, gode sko og støvlar 
  • Varme kler 
  • Lette kler 
  • Toalettsaker 
  • Tallerken og bestikk til middag 
  • Mat til brødmåltida 
  • Matboks og drikkeflaske til lunsj 
  • Enkelt førstehjelpsutstyr 
  • Nødvendig medisin 
  • Solkrem og myggmiddel 
  • Liten sekk, til lunsjmat og til å ha verdisaker i. 

 

Program 

Fredag 21. juni: 

Frå kl. 17.00 Frammøte og leirbygging 

19.00 Servering av varmt måltid  

20.30 Opning 

22.00 Leiarsamling 

22.00 Miljøtorget opnar 

24.00 Ro i leiren-aspirantane finn soveposen, fødd i 2013 og seinare 

01.00 Miljøtorget stenger 

  

Laurdag 22. juni:   

08.00 Vekking - Frukost  

09.00 Flaggheising. Morgonsamling. Premiering av dagens morgonfugl. 

09.30-15.00  Aktivitetsdag     

Lunsjpause når det passar 

16.00 Middag 

19.00  Kveldsmat 

20.30 Underhaldning 

22.00 Leiarsamling 

22.30 Senior- og alumnsamling

24.00 Ro i leiren 

01.00 Miljøtorget stenger 

  

Søndag 23. juni: 

08.00 Vekking - Frukost 

09.00 Morgonsamling. Flaggheising. Premiering av dagens morgonfugl   

09.30 Volleyball 

Samtidig med volleyballkampane vil det føregå mange andre aktivitetar for dei som ikkje spelar eller er med på lag.  

12.00 Lunsj                                                         

13.00 Volleyballkampar                                

16.00 Middag   

Samling for Landsleir deltakarar i Miljøtorget  

18.00  Fantetog 

Jonsokbål  - Kåringar 

20.00   Kveldsmat       

22.00 Miljøtorget opnar 

22.00 Leiarsamling 

24.00   Ro i leiren.   

03.00 Miljøtorget stenger 

  

Måndag 24.juni: 

08.00  Vekking. Frukost 

09.00 Flaggheising. Morgonsamling. Premiering av dagens morgonfugl. 

09.05 Tautrekking (med finalar)  

10.00 Volleyballkampar med finalar 

12.00 Rydding 

13.00 Premieutdeling. Avslutning 

13.30 Lunsj – Vel heim!

 

Oversikt og info om valbare aktivitetar: 

Aktivitetar (er det aldersgrense er det feks. 10 år iløpet av året)
Info om aktivitetaneAldersgrenseEigenandel
SurfingSurfekurs på ei av Noregs beste surfestrender i Hoddevika yst på Stadhalvøya. Surfekurs i 2 timer i små grupper med dyktige instruktørar, god gjennogåing på stranda med øvelser og sikkerheit før vi går ut i vatnet. 45. min reisetid frå leiren.13 år600kr.
HestHenting av hest frå beite. Opplæring i stell av hest. Opplæring av påsaling av hest. Rideøkt med instruksjon. Innføring i kommunikasjon mellom hest og menneske i form av Liberty trening. Utslepp av hest etter endt dag. Aktiviteten vert 40 min køyring fra Åheim mot Nordfjord.10 år200kr.
Selja kloster, fjordguiding med rutebåtKlosterbåten “Selja” tek deg med på ein guida båttur til Selja Kloster. Du får og tid til å utforske klosteranlegget og nyte stillheita på Selja. På den guida turen kan du lytte til den spennande legenda om St.Sunniva og lære meir om livet på klosteret. Dersom du ynskjer å gå stien til Bø, går vi innom her på vegen tilbake. På tur ut går vi nordsida av øya, og på sørsida på vegen tilbake. I dag kan du mellom anna klatre opp den smale trappa i kyrkjetårnet, lytte til kyrkjeklokka med den vakre klangen og gå inn i den heilage Sunnivahola, som i følgje Sigrid Undset er ”Norges eldste kirketak”. Klosterkyrkja og Sunnivahola har aldri vorte avvigsla, og det er derfor i vår tid mogleg å halde mellom anna bryllaup, barnedåp og konfirmasjon her. Frå den vesle Sunnivakjelda kan du drikke vatn, som ifølge legenda skal vere helsebringande. Båtturen er ei naturoppleving i seg sjølv. På turen ut går vi på nordsida av øya der du har utsikt mot sørsida av Stadthalvøya og det berykta Stadthavet. Herifrå kan du studere dei bratte klippane som omslyngar den historiske staden Drage, der Vikingane drog skipa sine over fjellet for å unngå å forsere Stadthavet. På turen tilbake går vi på sørsida av øya, der du har utsikt mot Kråkenes fyr, Skognsnes fyr, Silda, Barmen og det planlagde innløpet til Stad Skipstunnel. Trekk inn den friske sjølufta og nyt utsikta. Er vi heldig, får vi selskap av havørn på turen. Skyssbåt fra Selje, båtturen startar 20 min køyring fra Åheim.
Selja kloster, fjordguding og ein tur med RIB Vi startar turen med oppkledning og ein kort introduksjon. Du vil få tildelt flytedress og briller. Møt opp 15 minutter før avgang. Turen varer i 1 time. Ruta blir tilpassa etter verforhald. Husk kamera! Frå Seljevågen tar vi deg med på en fartsfylt RIB-tur langs sørsida av Stadthalvøya – full av spannande historie og storslagen natur. Vi set kursen vestover mot det mektige Stadthavet og det blir guida stopp undervegs på turen. På Selja kloster kan du i dag mellom anna klatre opp den smale trappa i kyrkjetårnet, lytte til kyrkjeklokka med den vakre klangen og gå inn i den heilage Sunnivahola, som i følgje Sigrid Undset er ”Norges eldste kirketak”. Klosterkyrkja og Sunnivahola har aldri vorte avvigsla, og det er derfor i vår tid mogleg å halde mellom anna bryllaup, barnedåp og konfirmasjon her. Frå den vesle Sunnivakjelda kan du drikke vatn, som ifølge legenda skal vere helsebringande. Rib-båt fra Selje, båtturen startar 20 min køyring fra Åheim.13 år og minimum høgd 130cm.200kr.
KajakkPå introduksjonskurset vil ein få grunnleggande opplæring om kajakken, med tips og triks for å kunne oppleve meir meistringsglede. Kurset fokuserer på leik, moro og læring i trygge rammer med dyktige rettleiarar som er aktivitetsleiarar i Padleforbundet. Ved gjennomført introduksjonskurs får ungdommane våttkort som dei kan vise for å få låne kajakk til dømes med Bua-ordningane. Kurset vert halde i nærleiken av leiren.13-17 år
KlatringAktiviteten vil lære deg sikring, klatring og teknikktrening i klatreveggen. Det vil verte tilpassa nivå etter deltakaren sine ferdighet og erfaring. Aktiviteten vert i klatreveggen i Olivinhallen i gå avstand frå leiren.
Skyting med Vanylven Jeger og fisk Skyting på Skytebana på Lilleeidet. Det er ca. 25 min. køyring fra Åheim. Dagen startar med sikkerhetsgjennomgang der vi lærer sikker våpenhandtering. Det vert skyting med rifle, salonggevær og leirdueskyting. Vidare vert det moglegheit for skyting på simulator og pil & bue som pauseaktivitet. – Den enkelte må ha med samtykkeskjema frå føresette. Fint om dei som har tek med hørselvern. Skyting med salonggevær har aldersgrense 12 år, jaktrifle og hagle 14 år.12 år
Steinsliping og SteinsenteretÅheim er mest kjent for Olivinbedrifta Sibelco. Her er det då spesielt smykkesteinen Peridot som finnast i Olivin. Dette har skapt ei interesse for stein, og nokre enkeltpersonar har over fleire år drive med sliping av forskjellige steinartar, til dømes til smykkestein, beltespenner ol. Ein vil her kunne lære grunnleggande om steinsliping og få prøve dette, samt lage eit produkt denne dagen. Ein vil og lære om Geologien rundt dette og besøke steinsenteret. Har du ein fin stein du kunne tenke deg å få slipt, kan du ta med denne (knyttnevestørrelse)
SnikkarverkstadTidlegare sløydlærar Svein Bøstrand held kurs her, han har og eige snikkarverkstad og er tusenkunstnar innan for dette. Han har mange gode idear og vil lage eit opplegg der en kan lage forskjellige saker og ting som ein tek med heim. Utganspunktet er å lage forskjellige typar «hjernetrim» som kan vere utfordrande både for liten og stor å løyse. Svein produserer litt tilfang på førehand slik at ein kjem i mål i løpet av kurset. Du får med heim det du lagar. Kurset blir på sløydsalen på Åheim skule ikkje langt fra leiren.
Livet i havetÆgir Dykkarklubb viser fram dykkarutstyr og korleis det fungerer. Lagar til eit stort kar med ulike dyr og anna vi finn i havet. Deltakarane vil lære om marin forsøpling, spøkelsesteiner, dykking og liknande. Mogleg å få vere med ein liten båttur for deltakarane.
Leikarring (dans)Fiskå frilynde ungdomslag ved Leikarringen stiller med instruktørar. Deltakarane vil lære dansar innan ulike sjangrar, f.eks turdans, linedance og gammaldans
MålingPå kurset vil deltakarane få gode tips og lære teknikkar dei kan nytte når dei malar med akvarell. Kurset vert halde av lokal kunstnar. Gå avstand fra leiren.
FjellturTur med lokal fjellvant guid. Det vert lagt opp til ein fjelltur i flott natur med nydeleg utsikt frå Åheim sit tak Løvoldsnipa er alternativ 1, dersom dårleg ver kan Lyngfjellhola, Vikavatnet eller Slagneshornet vere aktuelle alternativ. Ingen aldersgrense, men greitt at dei som melder seg på har litt turerfaring og har tursko.
Bygdevandring på ÅheimVandring gjennom Åheimsbygda med lokalkjent. Her vert mellom anna besøk av St. Jetmundkyrkja, ei gammal steinkyrkje frå 1100- talet. Vidare besøk på Olivinsteinsenteret og Valborgsamlinga som er eit museum som syner lokale ting som er samla frå bygda og grendene om kring oppgjennom tidene.
BrannslukkingDeltakarane får delta på ein «åpen dag» med delar av brannkorpset i kommunen. I løpet av kursdagen får dei prøve både ulike brannslukkingsapparat og vannslange til å sløkke brann med. Deltakarane vil få sjå brannbilane og utstyret som er i dei. Kurset vil innehalde læring rundt branntryggleik. Kurset vert på brannstasjonen på Fiskåbygd, 15 min køyring fra leiren.
VolleyballPå kursdagen vil du få tips og veiledning frå dyktige instruktørar og du får trene å på ulike slagteknikkar innan volleyball, til dømes fingerslag, serve, smash og baggerslag. Det vil også verte lagt opp til kamptrening der deltakarane vil få spele med og mot kvarandre. Kurset vert i gå avstand til leiren.12 år
Makrame med Kjerringa HusflidlagMakramé er ein handarbeidsteknikk som kom til Europa frå arabarane i middelalderen. I dag ser vi ei aukande interesse for teknikken igjen, som går ut på at trådar vert knytt saman på ulike måtar og dermed dannar varierte mønster. Teknikken du lærer på kurset kan brukast til å lage både vesker og belte, samt dekorative komposisjonar som veggtekstil eller smykke. På kursdagen vil deltakarane verte introdusert til og få øve på teknikken og lage seg sine eigne armband. Det vert gjennbruk av materiale, vi plukka tau og garn i fjøra som har drive i land, dette vert gjort på førehand. Kurset vert i gå avstand til leiren.10 år
Moro med MoralEr du alumn eller siste årssenior? Då er dette aktiviteten for deg! Du får moglegheit til å ha det kjekt med 4H-ara på same alder. Meir info om aktiviteten kjem. Målet med aktiviteten er å ha det morsomt saman, bygge relasjonar og skape eit godt samhald. Det blir god stemning og sosialt. 17 år
Besøke HjortefarmenBesøk på Hjortefarmen på Nave. Det blir satt ut garn kvelden før som dei er med å trekke. Filetering av øret som vert steikt på bålpanne. Moglegheit for å prøve kano, robåt, SUP. Mate hjort, lama og geit. Øksekast for dei som er gamle nok.

 

Leirreglar: 

Her finn du leirreglane (WEBP, 13KB)

Siste info til påmeldte

Siste info om fylkesleiren på Åheim  

Fylkesleiren nærmar seg med stormskritt. Leirkomiteen har jobba, og lagt til rette for at alt skal gå på skinner desse dagane. Her kjem den siste informasjonen til dykk som er påmeldte.

Leirsjef:

Årets leirsjef er Vidar Solheim, klubbrådgjevar i Elvablikk 4H.  

Om de har spørsmål som de ikkje finn svar på i denne e-posten eller i invitasjonen på heimesida, ta kontakt med Vidar, tlf. 97138975 eller kontoret 96096783. Moreogromsdal@4h.no

 

Betaling:

Faktura til dei som ikkje betalte ved påmelding er sendt og den betalast innan fristen.

Medlemskontingenten må vere betalt, dette er kjempeviktig med tanke på at forsikringa skal vere i orden. Ei lita presisering, påmeldinga til leiren er bindande, så om nokon vel å melde seg av etter at påmeldingsfristen er gått ut – må leirkontingenten betalast likevel. Dette fordi vi etter den datoen bestilte mat og aktivitetar. 
 

Leiren er ved Jetmund Gjesteheim: 

Adressa er: St.Jetmund-vegen 68, 6146 Åheim

 

Tema – Jonsokfeiring med fantetog

På søndagen er det Jonsokaftan, då skal vi kle oss ut og gå i “Fantetog”  som ein innmarsj til jonsokbålet. I fantetog kan ein kle seg ut som kva som helst, her er det berre fantasien som set grenser. Det er sjølvsagt ganske vanleg med jonsok-brudepar, og det vert fleire kåringar  her. Det vert og kåring av beste pynta tun til jonsokfeiringa. Tenk kreativt, ta utgangspunkt i tradisjonar der du kjem frå, eller lat deg inspirere av “midtsommarafton” i Sverige. Her er det berre fantasien som set grenser.

Tun

Lista over korleis tuna er sett opp finn de her. Det skal vere ro i teltleiren kl. 24.00. Dei som vil sove må få lov til det. Les «leirreglar».

TUN 1

Klubb

Deltakarar

Vaksne

Fjellrosa

7

2

Fjellreven

3

1

Mulevika

4

1

Tareholmen

2

1

Myrvåg

5

2

Vilmarksgjengen

5

1

Freidig

2

 

Storm

5

1

Totalt

33

9

 

TUN 2

Grimstadhøgda

11

4

Ruggå

12

6

Futt

3

1

Fossekallen

2

1

Vårbrus

3

2

Vårsøg

1

 

Totalt

32

14

 

TUN 3

Straumen

9

4

Liljen

8

3

Hustadvika

3

2

Vårsol

6

3

Lynet

1

1

Ørn

3

1

Skåla

4

1

Totalt

34

15

 

TUN 4

Klurtolla

31

11

  Moral                                           8

TUN 5

Elvablikk

38

5

 

 

 

Mat

Tørrmaten (frukost, lunsj og evt kvelds) må de ordne med sjølve. Det er lurt at klubben ordnar det slik at de har felles mat og felles eting. Alle får utdelt mjølk, juice og yoghurt til tørrmåltida. Det er ikkje tillat med storkjøkken eller bål i leirområdet, og vi vil legge til rette for ein oppvaskstasjon der de får tilgang til vatn. Det er ikkje kjølekapasitet i leiren, men vi stiller med fryser til fryseelement.

Middagen får vi ferdig tillaga. Alle må ha med eige bestikk, fat, skål og kopp/glas. Vi vil oppfordre alle deltakarane til å nytte fleirgangs bestikk, fat, skål og kopp/glas. Om det ender opp med å bruke eingongs, så unngå dei dårlegaste papptallerkane – det kan og vere lurt å ha noko som er fast og stødig under tallerkenen.

Lading av elektronikk

Det vil bli mogleg å lade mobiltelefonar og liknande trygt og sikkert på leirkontoret mot betaling, ein rimeleg pris. Kom, betal, lever mobiltelefon & ladar og kom tilbake å hent når den er ferdig lada. Noter deg opningstidene til leirkontoret.

Pakkeliste - det er lurt å samordne dette med resten av klubben:

  • Telt, sovepose og liggeunderlag.
  • Regnkle, godt fottøy og støvlar
  • Lettare kle
  • Varme kle
  • Badetøy
  • Toalettsaker (ta med speil om du er avhengig av dette)
  • Tørrmat – lurt å samarbeide med dei andre i teltet eller klubben
  • Tallerken og bestikk til middagen
  • Matboks og drikkeflaske til lunsj
  • Enkelt førstehjelpsutstyr
  • Solkrem og myggmiddel
  • Lader til mobil eller liknande
  • Liten sekk til å ha verdisaker og andre viktige ting i når du er ute i leirområdet eller på aktivitet. Du har sjølv ansvaret for verdisakene dine. Tenk over kva du har med.
  • Lommepengar til bruk i kiosken, og miljøtorget. Begge har og vipps, men ikkje for dei under 15år.

Program:

Programmet for leiren ligg vedlagt.  Oppmøte frå kl. 17.00 fredag. Middag blir servert om lag kl. 19.00. Jonsok feiringa er open for alle i bygda, søndag frå 18-20.

Deltakarlister og aktivitetar:

Deltakarliste med fornamn, klubb og aktivitet ligg ved. Det er ikkje høve til å bytte aktivitet.
Ta med det du treng til din aktivitet:

  • Skyting
    • Hørselsvern
    • Underskreve skjema frå føresette, om løyve til skyting.
  • Kajakk
    • Klesskift gjerne ull
    • Har du eiga våtdrakt, ta med.
  • Volleyball
    • Denne aktiviteten er inne  i hall ha med innesko.
  • Klatring
    • Har du klatresko ta med.

Konkurransar/premiering av:

  • Tun
  • Kostyme
  • Volleyballturnering
  • Aktivitetar under volleyballturneringa
  • Tautrekking
  • Natursti
  • Morgonfugl (trekning kvar morgon)

Miljøtorg:

MORAL 4H, alumnklubben i fylket, stiller tradisjonen tru med Miljøtorg. Miljøtorg er ein sosial samlingsplass og kiosk. Her vil det vere mogleg å spele spel, danse swing og anna, det blir og nokre felles aktivitetar i kjent 4H-stil som ein ikkje bør gå glipp av. Moral sel som alltid moral-is, vaflar, litago, iste og meir. Det opnar kvar kveld etter at kveldsprogrammet er ferdig og stenger kl. 01.00 på fredag og laurdag, og kl. 03.00 på søndag. Det skal vere ro i teltleiren kl. 24.00. Da er også besøkstida for aspirantar i miljøtorget over. (Aspirantar er dei som er fødd i 2013 eller seinare).

Kiosk:

I kiosken får de kjøpe det de treng av godteri og frukt. Kaffe og te blir det også mogleg å få kjøpt i kiosken, der får de og fylt opp kanner om de ønsker det. Kiosken har vipps og kontant.

Volleyballturnering og tautrekking:

Volleyball

  • Det blir 2 klasser som før: Ei for aspirantar og ei for junior/senior.
  • Turneringa blir spelt ute, ha med kle og sko til dette.  

På volleyballturneringa skal det vere 6 stk på kvart lag, det er lov å ha med innbytarar. Det er mogleg å blande laget, ha spelarar frå fleire klubbar dersom klubben sjølv ikkje har nok spelarar til å danne eit lag. Den blandinga må de ordne sjølv – har de ikkje fullt lag så ta kontakt med dei andre i tunet. Samansette lag skal ha eige namn.

Tautrekking

  • Laget sine deltakarar skal til samen ha en alder på maks 120 år.
    (Dvs. f eks 10 stk. på 12 år eller 2 stk. på 60 år)
    Alderen som teller er den alderen du fyller i år.

Påmeldinga av lag skal skje seinast laurdag kl. 18.00. Det skal meldast på berre heile lag, med fullt namn og alder deltakarar. Skjema får de på leirkontoret.

Då står det berre att å ønske dykk hjarteleg velkomne!

 

 

Logo fylkesleir

 

 

Arrangementet er støtta av:

logoer  Bedriftsnamn