Innkalling og saksliste til fylkesårsmøtet i 4H Møre og Romsdal 

4H Møre og Romsdal kallar med dette inn til årsmøtet 2023. Årsmøtet vert halde på Bygdahuset Vonheim i Malmefjorden, søndag den 5. februar kl. 10.00.

Praktisk informasjon

Registrering og oppmøte til årsmøtet er frå kl. 09.30. Årsmøtet startar kl. 10.00 og vil verte ferdig ca. kl. 15.00. Det bli servert noko å bite i under møtet.

Alle som er delegatar frå sin klubb, og melder seg på Superhelga – hakar av for årsmøte ved påmelding til Superhelga. De vert då også påmeldt til årsmøte. Husk å krysse av om du er delegat for klubben din.

Det er også mogleg å møte berre på årsmøtet for representantar frå 4H-klubbane. Pris: Kr 350,- for berre årsmøte. Faktura vert sendt til klubbane.

Påmelding 

For dei som skal delta på Superhelga er det personleg påmelding via arrangementet på heimesida. Logg inn med medlemsnummeret ditt og passord.

Klubbane kan melde på fleire medlem til årsmøtet som observatørar. Det er kun to av medlemmane som er delegatar med stemmerett. Dette må presiserast ved påmelding.

Dei som KUN skal delta på Årsmøte (ikke Superhelg) melde seg på årsmøtet her: Link til påmelding

 

Medlemsorganisasjonar i 4H Norge

Noregs Vel
Det norske Skogselskap
Noregs Bondelag
Noregs Skogeierforbund
Noregs Bygdekvinnelag
Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Noregs Jeger- og Fiskerforbund
 

1 representant frå fylkesleddet i kvar medlemsorganisasjon til 4H Norge møter i Fylkesårsmøtet (§ 2 i vedtektene), utan røysterett

Sakliste:

Sak 1. Opning
Sak 2. Opprop
Sak 3. Godkjenning av innkalling og sakliste (PDF, 346KB)
Sak 4. Val av referentar og teljekorps
Sak 5. Val av 2 representantar til å skrive under årsmøteprotokollen
Sak 6. Møtereglar (forretningsorden) (PDF, 168KB)
Sak 7. Årsmelding for 2022 (PDF, 2MB)
Sak 8. Rekneskap for 2022 (PDF, 2MB) og melding frå revisor/rekneskapsførar (PDF, 23KB)
Sak 9. Handlingsplan for 2023 og 2024 (PDF, 157KB)
Sak 10. a. Årsplan 2023 (PDF, 82KB)
Sak 10  b. Årsplan 2024 (PDF, 216KB) (og Årsplan 2025 (PDF, 217KB))
Sak 11. Fastsetjing av refusjon og godtgjersle til fylkesstyret (PDF, 179KB)
Sak 12. a. Revidert budsjett for 2023
Sak 12  b. Budsjett for 2024-2025

Sak 13. Tilsetjing av revisor (PDF, 178KB)
Sak 14. Innkomne saker (PDF, 177KB)
Sak 15. Val (PDF, 2MB)