I løpet av denne helga får styremedlem i klubbane opplæring i styrevervet sitt av instruktørar utdanna på nasjonalt kurs av 4H Norge. Kursa som det vert tilbod om denne helga er:

 

Kurstilbod 

  • Leiar/nestleiar: Er du nyvalt leiar i klubben eller har du vore leiar tidlegare? I dette kurset får du ein gjennomgang av kva som er leiarens og nestleiarens rolle og ansvar i klubben og ulike måtar å være ein god leiar på. Kurset går også gjennom ulike former for kommunikasjon og eigenskapar som kjenneteiknar ein god leiar.

 

  • Sekretær: Sekretærkurset fokuserar på sekretærens oppgåver gjennom 4H året. På kurset får du innføring i korleis føre møtereferat og protokoll, kva som er sekretærens særskilte oppgåver og sekretæren i samspel med resten av klubbstyret.

 

  • Kasserar: Kasserarkurset er tiltenkt klubbanes kasserarar. På kurset vil ein få ei innføring og praktisk trening på kasserars oppgåver i klubben, korleis sette opp eit budsjett, bilagsføring, føring av rekneskap på papir og elektronisk og avslutning av rekneskapen før årsmøtet i klubben.

 

  • Styremedlem: Klubbens styremedlem skal kunne fungere som vikar for dei andre verva i styret. På styremedlemskurset vert det derfor gitt ein enkel innføring i oppgåvene til alle verva i styret. Det vert også gitt inspirasjon til andre roller eit styremedlem kan ha i klubben f.eks. leikeansvarleg.

 

  • Friluftshelt: Er du glad i friluftsliv og ønsker å være ein ressursperson for klubben din ved gjennomføring av friluftslivsaktivitetar? Friluftshelt-kurset gjev deg ein enkel innføring i friluftsliv. Tema som vert gjennomgått er allemannsretten, sporlaus ferdsel, kart og kompass, etablering av rasteplass, båltenning og mat på bål.
    Aldersgrense: 14 år (blir 14 år i 2023, født i 2009 eller før) 

 

  • Vaksen/klubbrådgjevar: Gjennomgang av medlemsregisteret, min side på 4H.no og prosjektplattformen. Teambuildingsøvelsar. Erfaringsutveksling og samtale rundt aktuelle problemstillingar i klubbane.

 

Har du lyst til å lære meir om det å sitte i eit styre eller er du heilt ny i klubbstyret og treng ei innføring i vervet ditt meld deg på!

 

Informasjon om Superhelga

Laurdag 4. februar vil plakettfesten gå av staben på Vonheim forsamlingshus i Malmefjorden. Her vil seniorane som i 2022 fullførte 4H-løpet få utdelt plaketten som bevis på sitt sjuande godkjente prosjekt og bli ønska velkommen som alumnar i MORAL – Møre og Romsdal Alumnlag.

Søndag 5. februar gjennomfører 4H Møre og Romsdal sitt årsmøte. Dette er fylkets viktigaste møte der alle medlemmane har moglegheit til å påverke kva 4H Møre og Romsdal skal drive med dei neste åra: kva aktivitetar skal vi ha? Kva skal vi bruke pengar på? Kven skal sitte i fylkesstyre? Dette er spørsmål du som medlem kan være med å påverke og svare på gjennom å delta på årsmøtet.

Praktisk informasjon  

Vi overnattar på flatseng, og får servert all mat. Matalergier melder du frå i helseopplysningane ved påmelding. Har du andre behov for tilrettelegging kan det og skrivast der(dette er kondisifielt og blir sletta etter arrangementet) 

Kvar klubb må ha med ein vaksen leiar, evt kan de avtale med naboklubben om felles leiar. Då må vi få beskjed om kven som samarbeider. Leiar har ansvar fr sine deltakarar. På natta har vi våken nattevakt. 

Påmelding 

Prisar:  
- Superhelg med styrevervsopplæring, plakettfest og årsmøtet: kr. 1100,- 
- Vaksne heile helga:  kr. 700,- 
- Kun årsmøtet: kr. 350,- 
 

PS: når du melder deg på superhelga vert du automatisk påmeldt plakettfesten og årsmøte. Husk å hake av for om du har stemmerett eller ikkje på årsmøte(dette er valgt på klubben sitt årsmøte) 

Påmeldingsfrist er 15. Januar. 2023,  men ikkje nøl med å melda deg på. Bli med å få ein kanonstart på 4H-året 2023 du også!  

Det er vanleg at klubbane dekker deltakeravgifta til dei som sitt i klubbstyret. Faktura vil derfor bli sendt til klubben.  

Påmeldinga er bindande. Dette betyr at dersom du må melde deg av arrangementet etter at påmeldingsfristen er over (15. januar), må deltakaravgifta likevel betalast. Unntaket er dersom du blir sjuk og kan vise til attest frå legen. Dersom dette skulle skje, må du snarast sende epost eller ringe til Hans Ole. 

Økonomi skal ikkje vere eit hindring for å delta på 4H sine aktivitetar – alle som vil, skal vere med. Det er mogleg å søkje om deltakarstøtte for å delta på arrangement og aktivitetar. Les meir om 4Hs deltakerstøtte.  

For å melde deg på til superhelga må du finne fram medlemsnummeret ditt i 4H. Dersom du ikkje hugsar passordet må du klikke på «glemt passord». Nytt passord blir sendt til registrert e-postadresse i medlemsregistret.  
Klikk på linken for rettleiing for innlogging i medlemsregistret 

Har du spørsmål rundt arrangementet eller påmelding ta kontakt med:  

Fylkesstyreleiar 
Hans Ole Hatle 
tlf: 90091118 
mail: leiar.moreogromsdal@4h.no

 

Pakkeliste:

  • Sovepose og liggeunderlag
  • Toalettsaker
  • Håndkle
  • Klær til heile helga
  • Uteklær til utendørs morgenaktivitet
  • Innesko
  • Skrivesaker
  • Datamaskin (gjelder kassererkurset)
  • Finklær til plakettfesten

 

Program 

Fredag:  
18:00 Oppmøte og Mat 
19:30 Kurs (2 timer)  
21:30 Bli kjent 
23:00 Stille for alle 
 
Laurdag:  
07:30 Vekking og frukost  
08:30 Uteaktivitet 
08:45 Styrevervskurs (5 timer) 
11:45 Lunsj  
12:30 Kursa held fram 
14:30 Kursa vert avslutta 
15:00 Avreise Vonheim 
15:30 Plakettfest start  
20:00 Felles aktivitet  
21:00 Kveldsmat 
23:00 Sengetid for de minste  
24:00 Stille for alle 
 
Søndag:  
08:00 Vekking 
08:15 Frukost  
09:00 Avreise til Vonheim  
10:00 Årsmøtet opnast 
12:00 Pause og noko å bite i  
12:30 Møtet fortsett 
15:00 Møtet slutt. Vel heim! 
 

Dette vert ei SUPER- helg med mykje læring