Ein fin gjeng med klubbrådgjevarar møtas via teams, tema var digitale prosjekt, info frå fylke og deling av gode idear.
Desse punkta var i fokus denne gongen:
Digitale prosjekt
- Har medlemmane komt i gang
- Klubbrådgjevar si rolle
Info om digitale prosjekt finn de her:
- Kom i gang - Informasjonssider - 4H Her finn de rettleiing både i PDF, Power Point og you-tube videoar
Arrangement framover
- Fylke planlegg for alt som står på årsplanen framover, men med usikkre tider må avgjersla om vi kan gjennomføre takast nærmare arrangementet. Dette gjer at vi må ha korte påmeldingsfristar. Så følg med på heimesida.
Informasjon frå fylke
- 4H lodda er no utsendt, merk at det er feil dato på fakturaen - det rette er 15. september
- Kontingenten skal no ver betalt og alle som ikkje har betalt skal ha fått purring. Sjekk om dine medlemma har betalt, dette gjer du via medlemsregisteret.
- Politiattest - alle nye rådgjevarar må ordne med politiattest
Deling av gode aktivitetar
- Vi oppfordrar klubbane til å dele dei gode aktivitetane. Både for å inspirere kvarandre og for å syne alt det gode arbeidet som blir gjort i 4H
- Send gjerne bilde og to-tre linjer med tekst til fylke - så deler vi i våre kanalar og.
- Inviter oss gjerne til Facebook gruppa til klubben.