2021 er òg eit annleis år - og då vert det kanskje ein annleis Haustfest også. Her er det samla gode tips og råd til førebuing og gjennomføring.
Haustfesten er ei viktig 4H-tilstelling. Vanlegvis er den eit glimrande høve til å vise omverda kva 4H-klubben arbeidar med – i år er det minst like viktig å gjennomføre Haustfesten for at 4H-medlemmene skal få ei fin avslutning på nok eit annleis 4H-år. Vi skal i 2021 også vere rause med prosjekt-vurderingane og med deltakinga på klubben sine møte og arrangement.
For at Haustfesten skal gå greitt er det ein del brikker som skal falle på plass. Tenk gjennom kva som er viktig for din klubb. Ver ute i god tid med å sjekke haustfestlister og å bestille inn merker og evt. vurderingskort.
Registrering av prosjekt:
- Dersom medlemmane vel digitalt prosjekt og registrera det i prosjektplattforma, vil det automatisk verta overført til medlemsregisteret når prosjektplanen er godkjent av klubbrådgjevar. Her finn du mange nyttige opplæringsvideoar
- På digitale prosjekt må ein og hugse å godkjenne gjennomførte prosjekt før haustfesten.
- Kva må ein gjera ved bruk av prosjekthefte ?Då må prosjektet registrerast manuelt i medlemsregisteret enten av medlemmen sjølv eller av klubbrådgjevar . Sjekk ut her korleis de registrerer prosjektet i medlemsregisteret.
Ta ut haustfestliste - her får du oversikt over:
- Namn på alle i medlemmer i klubben. Saknar du nokre medlemmer på denne lista, kan det vera at dei har blitt utmeldt pga. ikkje betalt kontingent eller at dei ikkje er innmeldt.
- Kva prosjekt dei har valt og kva merke dei skal ha utdelt i år.
- Slik tek du ut haustfestlista
Merker til haustfesten:
- Minner om at de må hugse å bestille merker frå 4H Norge sin nye nettbutikk.
- Klubbene/fylkene må nå logge seg inn på ein annan måte enn tidlegare. Har du ikkje handla i den nye butikken i 2021, vil vi råda deg til å oppretta ein ny brukar.
- Brukerveiledning om korleis du opprettar brukar, finnes i 4H-butikken.Treng du hjelp - kontakt Kundesenter 4H-butikken.
På høgre side kan du laste ned eit tipshefte om førebuing til haustfest