På grunn av utfordringane kring korona vel vi å vere tidleg ute med alternativ gjennomføring. Vi har derfor tatt det valget å gjennomføre styrevervsopplæringa og årsmøtet digitalt, og plakettfesten blir utsett til våren 2022. Vi kjem tilbake med dato når vi ser korleis utviklinga i restriksjonane blir. 

-----

Som alternativ til superhelg blir styrevervsopplæringa i 2022 digital. Mange flinke instruktørar er samla, og klare til å gi deg ein kjekk introduksjon.

Det vert kurs for leiar, kasserar, sekretær, styremedlem og friluftshelt.

For deg som har vore på Superhelg før, kan kurset til friluftsheltane passe godt. Dette er for deg som er 14 år eller eldre, og som har deltatt på DAF-kurs før, men vil lære meir.

Melder du deg på styrevervsopplæring får du opplæring i styrevervet ditt. I tillegg får du lære meir om kva som skal skje under årsmøtet på søndagen. Vi oppfordrer alle til å melde seg på årsmøtet også, då årsmøtet er ein del av styrekursopplæringa. På denne måten verte du godt kjent med den viktigste demokratiarenaen i organisasjonen. 

Meir informasjon og påmelding til styrevervsopplæringa finn du her

Meir informasjon og påmelding til årsmøtet finn du her