Våre flinke instruktørar har laga gode opplegg som dei ser fram til å dele, slik de vil få eit godt fagleg påfyll, og læring i god miks med aktivitet og morro. Det blir sett av litt tid fra 10-10.30 der de får enkel informasjon om korleis bruke Teams-funksjonene på møtet. 

Det vert arrangert kurs for leiar, kasserar, sekretær, styremedlem, friluftshelt og vaksne i 4H.

For å kunne delta på denne digitale samlinga, så treng de ei datamaskin med kamera og mikrofon. Vi ønskjer opner opp for at de kan vere med om då får anledning til å møte opp på det.

Om de får problem med innlogginga eller har andre spørsmål, så ta gjerne kontakt med kursholdar, eller Hans Ole Hatle på 900 91 118.

Kursalternativa er:

Leiar:
Kurset er for alle leiarane og nestleiarane. Vi deler inn etter erfaring. Lær å leieklubben, om styret si rolle, om samarbeid, og om det å snakke for ei forsamling.
Kurslærarar: Marita Nauste Hamre og Sofie Hamre
Bli med på datamaskinen: klikk her for å bli med på møtet

Sekretær:
Lær å skrive referat og møtebok, om informasjonsarbeid og styrearbeidet. På dette kurset treng du tilgang til møteboka, det beste er å skrive den ut på papir (eller laste den ned å ha den på ein ekstern skjerm). 
Du kan laste den ned HER
Kurslærarar: Ida Kanutte Risvik, Hege Einset og Andrine Ljotebø-Krokå
Bli med på datamaskina: klikk her for å bli med på møtet

Kasserar:
Lær å føre rekneskap og kassabok for klubben, om budsjett og litt om kor ein kan søkje pengar. 
Kasserarboka kan du laste ned HER
Kurslærarar: Sigrun Sjømæling og Ida Bjørnevik
​​​​​​​Bli med på datamaskinen:  klikk her for å bli med på møtet

Styremedlem:
Styremedlemer og evt. varamedlemer til styret bør kunne litt av alle ting i styret.
Kurslærarar: Ragnhild Synnøve Bjørkedal og Renate Sandnes
Bli med på datamaskina: klikk her for å bli med på møtet

Friluftskurs:                                                                                                               
Når du har vore på dette kurset kan du vere med å skape enda meir fokus på friluftsliv i eigen klubb. Friluftsliv er ein viktig del av 4H, derfor er det veldig kjekt om så mange klubbar som mog­leg får kunnskap som kan hjelpe til med å få klubben ut i naturen. Du kan velje sjølv om du vil avta­le med styret å ha uteaktivitet på eit vanlig medlemsmøte i klubben, eller om du vil arrangere eit eiget utemøte i klubben. Stikkord om innhald: lage mat ut, lage bål, kjekke uteaktivitetar og generell teori om friluftsliv.
Kurslærarar: Emil Hatle, Iver Hamre og Hanne Mette Hatle
Bli med på datamaskina: klikk her for å bli med på møtet

Praktisk informasjon:

  • Meir informasjon: Alle påmeldte deltakarane får tilsendt informasjon på e-post i forkant av styrevervskursa.
  • Påmelding: Meld deg på via ”min side” på 4h.no. Fristen for å melde seg på er 30. januar. Legg inn medlemsnummeret ditt og passord. Legg inn ev. allergiar, sjukdomar e.l.som vi bør vite om.
  • Manglar passord? Om du manglar passord kan du be om å få dette på e-post. Du må ha e-post adresse registrert i medlemsregisteret. Manglar du dette kan du be ein i klubb-styret eller 4H-kontoret om å legge adressa inn for deg.
  • Pris: 0 kr for deltakarane.
    Klubben vil bli etterfakturert ein samla sum på 500 kr for sine påmeldte. Det vil seie at jo fleir klubben melder på, jo større utbytte har dei av betalinga for summen er lik, uavhengig av kor mange de melder på. 
     
  • Bindande påmelding. Berre avmelding grunna sjukdom (legeattest).