Distriktsleir for dei minste (10-12 år) med ei eller to overnattingar. Klubbar i same distrikt samarbeider om å arrangere. 

Fylkesleir kan alle som er 2. og 3. års juniorar, senior eller alumn delta på. Vi søv i telt, deltar på mange kule aktivitetar og speler volleyball ei langhelg i løpet av sommaren. 

Landsleir er staden for å treffe 4H-vener frå heile landet. Leiren varer i sju dagar og ein må vere senior for å delta. Ei oppleving for livet.  Fylke ordnar med transport og leiarar til denne leiren. Annakvart år er det Nordisk leir, for same aldersgruppe.