Ei helgesamling til inspirasjon og fagleg oppdatering for dei vaksne i 4H. Viktig møtestad for klubbrådgjevarar og andre frivillige i organisasjonen. Gjennomførast same helg som styrevervsopplæringa for medlemmene, vanlegvis ein av dei første helgane i februar.
-
Inspirasjonssamling
Ei helgesamling til inspirasjon og fagleg oppdatering for dei vaksne i 4H. Viktig møtestad for klubbrådgjevarar og andre frivillige i organisasjonen. Gjennomførast same helg som styrevervsopplæringa for medlemmene, vanlegvis ein av dei første helgane i februar.
-
Kurs og samlingar
Styrevervsopplæring med årsmøte
Denne helga får du opplæring i styrevervet ditt, årsmøteopplæring (årsmøteseminar), aspirantlederkurs eller friluftsheltkurs på fredag og laurdag. Alle får litt opplæring i kva som skal skje under årsmøtet på søndagen. Årsmøtet er del av styrekursopplæringa, slik at du blir godt kjent med den viktigaste demokratiarenaen i organisasjonen.
Storkurs
Storkurset er ei helgesamling av mange artige, spennande og lærerike kurs. Vi bur inne på skule, på flatseng. Storkurset er for alle 4H-medlemmer som fyller 12 år inneverande år.
Juniorsprell
Er du mellom 12- 14 år ( junior), kan du delta på Juniorsprell. Ei helgesamling med ulike tema fra år til år. Tema i 2020 er skog, og i 2021 er det skiaktivitetar.
Senior og Alumnsprell
Dette er ei helgesamling for dei eldste i fylke, du må fylle 15 år iløpet av året for å delta. Det blir lagt stor vekt på det sosiale, men der er og nyttig læring.
Plakettfest
Til denne festen blir alle som har fullført 4H-programmet invitert. Dei fleste har og med seg familie eller venner. Det er ei høgtidleg stund, der dei får utdelt sine plakettar og vitnemål. Plakettfesten blir gjennomført i november.
-
Leir
Distriktsleir for dei minste (10-12 år) med ei eller to overnattingar. Klubbar i same distrikt samarbeider om å arrangere.
Fylkesleir kan alle som er 2. og 3. års juniorar, senior eller alumn delta på. Vi søv i telt, deltar på mange kule aktivitetar og speler volleyball ei langhelg i løpet av sommaren.
Landsleir er staden for å treffe 4H-vener frå heile landet. Leiren varer i sju dagar og ein må vere senior for å delta. Ei oppleving for livet. Fylke ordnar med transport og leiarar til denne leiren. Annakvart år er det Nordisk leir, for same aldersgruppe.