-
vil utvikle 4H som organisasjon
-
har tid og lyst til å delta på fylket sine arrangement
-
prioriterer deltaking på dei 8 styremøta og fylkesstyreopplæringa høgt (vi lager møteplan for heile året)
-
er alltid godt førebudd. Spør dei tilsette eller andre i fylkesstyret om hjelp!
-
har lyst til å bli kjent med mange engasjerte 4H-arar over heile landet
-
sjekkar e-posten ofte
-
bidrar aktivt i diskusjonar
-
arbeider med tildelt ansvarsområde/oppgåve mellom møta
-
har lyst til å lære masse!
-
har tid til nokre haustfestar og klubbesøk i løpet av året, anten åleine eller saman med andre frivillige eller tilsette
-
er interessert i å representere 4H på arrangement i regi av andre. Til dømes messer eller konferansar.
-
Kven er fadder for klubben din?
Styremedlemmene har ekstra kontakt og fokus på sine fadderklubbar.
-
Kva er forventningane til tillitsvalde i fylkesstyret?
-
vil utvikle 4H som organisasjon
-
har tid og lyst til å delta på fylket sine arrangement
-
prioriterer deltaking på dei 8 styremøta og fylkesstyreopplæringa høgt (vi lager møteplan for heile året)
-
er alltid godt førebudd. Spør dei tilsette eller andre i fylkesstyret om hjelp!
-
har lyst til å bli kjent med mange engasjerte 4H-arar over heile landet
-
sjekkar e-posten ofte
-
bidrar aktivt i diskusjonar
-
arbeider med tildelt ansvarsområde/oppgåve mellom møta
-
har lyst til å lære masse!
-
har tid til nokre haustfestar og klubbesøk i løpet av året, anten åleine eller saman med andre frivillige eller tilsette
-
er interessert i å representere 4H på arrangement i regi av andre. Til dømes messer eller konferansar.
-
-
Korleis er arbeidsfordelinga i styret?
På årsmøtet blir det valt ein leiar, eitt styremedlem (økonomi), eitt styremedlem (skrivar), eitt vanleg styremedlem og 3 varamedlemmer. I utgangspunktet er det leiaren og styremedlemmane som utgjer styret og har stemmerett på møta, men det svært vanleg å inkludere også varamedlemane i arbeidet. I vårt fylke blir alle innkalla til styremøta og varamedlemmer engasjerer seg gjerne i arbeidsgrupper.
Alt styret vedtar og gjer, er eit felles ansvar.
Økonomi
- rapporterer til styret om økonomisk status på kvart styremøte
- har oversikt over og kontakt med alle som har økonomiansvar i prosjekt/arrangement/tiltak
- har tilgang til alle underbudsjett og ser at desse blir fulgt opp og justert
- får tilsendt rapportar frå rekneskapsførar
- årsavslutning
- leier arbeidet med å utarbeide budsjettforslag
- presenterer årsrekneskapet på årsmøte
- har kontakt med rekneskapsførar
Skrivar
- ansvar for å skrive referat frå styremøta
- følger med på at nettsida alltid er oppdatert. Seier frå til tilsette dersom noko bør utbetrast
- passar på at blir utarbeida planar for publisering på sosiale media
- passar på at det blir utarbeida ein informasjonsplan for fylke og passer på at denne blir fulgt
- leier arbeidet med årsmelding
For eit best mogleg samarbeid, treng styret å fordele oppgåver. Like etter årsmøtet deler styret roller og ansvarsområder mellom seg. Styret kan i tillegg engasjere andre frivillige til ulike oppdrag. Fordelinga skjer etter interesse og kompetanse.
Nestleiar
- er leiaren si høgre hand og samtalepart. Er leiaren borte, er det nestleiar som leier møtet
- hjelper til og overtek gjerne nokre oppgåver, dersom leiar har for mykje å gjere
- held seg oppdatert
4H-gard
- passar på at 4H-garane i fylket er synlege i sine informasjonskanalar
- passar på at fylket alltid har fokus på rekruttering av nye gardar
- passar på at alle 4H-gardane er godkjent (godkjennes for 5 år om gongen)
- følger med på det som skjer i 4H-gård Norge
- ansvar for at styret alltid er oppdatert i forhold til 4H-gardsarbeidet
Varamedlem
- er ein fin rolle dersom du er heilt fersk i organisasjonsarbeid
- har berre stemmerett på møta dersom styremedlem(ar) ikkje er til stades
- blir i fylket vårt kalla inn til alle møter og inkludert i arbeidet
Kursadministrator for Superhelg (gjerne to personar)
- har god kontakt med fylkesstyrerepresentant/ 4H-kontoret før og under kurset
- skaffer instruktørar den informasjonen dei treng før, under og etter kurset
- held oversikt over deltakarlister og liknande under kurset
- har kontakt med arrangørklubben før, under og etter kurset
Vervegruppe
- utarbeider vervestrategi
- arbeider for å auke tal medlemar, klubbar og 4H-gardar
- arbeider for å auke tal deltakarar på arrangement i regi av 4H Hordaland
Synleggjeringsgruppe
-
Ta kontakt med PR-ansvarleg for kvart fylkesarrangement for å høyre om dei treng bistand eller råd
-
Stiller gjerne på oppdrag for å synleggjere ulike tiltak både i klubb og i fylket
-
syt for at planar for publisering på sosiale media blir gjennomført
I tillegg til dette, dukkar det opp prosjekt og tiltak gjennom året.
-
Kva er oppgåvene til ordførar og kontrollkomite?
Ordførar
- leier fylkesårsmøtet etter gjeldande vedtekter og tradisjon
Kontrollkomiteen (3 personar)
- kontrollere at arbeidet i fylkesstyret går slik som det skal. Det inneber å lese gjennom referata, og andre utsendte dokument som kjem på mail gjennom heile året
- kontrollere økonomien til fylket og sjå om dei syns pengebruken er tilfredsstillande
- før årsmøtet skrive ei utgreiing om korleis dei syns arbeidet til fylkesstyret har gått, samt korleis økonomien går.
- føreslå ein ny kandidat til valkomitèen (sit i 3 år), samt eitt varamedlem (sit for 1 år)
- Minst eit medlem i komiteen må vere til stades på årsmøtet for å leggje fram utgreiing og forslag til valkomitè
-
Kva er styreleiar sine oppgåver?
Leiar
-
er øverste sjef i styret
-
er eit førebilete og synleg leiar for medlemane i fylket
-
har tett samarbeid med nestleiar
-
har ansvar for å skape godt samarbeid i styret
-
syt for at ting som er bestemt, faktisk blir gjennomført
-
er den som tenker overordna og langt fram; korleis vil vi at 4H skal vere om 5 år?
-
kallar inn til styremøta og førebur sakene
-
syt for at møta blir leia på ein god måte
-
representerer fylkesleddet eksternt (uttaler seg på vegne av fylkesstyret)
-
har prokurarett (kan signere på til dømes avtalar og søknader)
-
har tett samarbeid med regionkoordinator
-
har tett samarbeid med organisasjonsrådgjevaren i fylket med ansvar for å følge opp styret
-
deltar på møter med kontaktperson i sentralstyret (4H Norge)
-
deltar i ulike samarbeidsforum med dei andre fylkesstyreleiarane
-