
4H Hordaland har hatt idèmyldingsmøte om landsleir 2024
Ein stor og flott gjeng møttes på Voss for å idèmyldre om Landsleir 2024. Nokre av dei temaene som blei diskutert var:
- Kor skal leiren vera på Voss?
- Er det eit tema me ønksjer å fremme?
- Kva for aktivitetar og turar ønskjer me å tilby?
- Underhaldning?
- Promotering av Landsleir 2024 på landsleiren på Breim i Sogn og Fjordane i sommar.
- Synfaring av Landsleir 2022
Mange gode tips og gode idèar kom fram på møtet, og dei vil fylkesstyret, 4H-kontoret og andre interesserte jobba vidare med.
Det første som står på programmet er promotering av landsleir 2024 og synfaring av årets landsleir på Breim. Årets landsleirdeltakarar vil få ei t-skjorte med reklame for leiren i 2024. Den er sponsa av Voss Sparebank. Dei må i løpet av leiren promotere vår leir og kome med innspel til leiren vår.
I tillegg vil interesserte reise til landsleiren for synfaring. Er det fleire som ønskjer å bli med på den turen, er det berre å kontakte Turid på 4H-kontoret. Mobil: 99405269
Me gler oss til landsleir på Voss i 2024!