Etter to leirlause år vert det endeleg skipa til landsleir igjen!

I 2022 arrangerer 4H Sogn og Fjordane leir for alle 4H-arar i heile landet. Temaet for leiren vert "Heilt lokalt", der vi vil setje hovudfokus på bygdelivet, og reisa den generelle bygda har hatt - frå jordbruk til kultur. Under landsleiren i  2022 ynskjer vi å feire dialektmangfaldet og bygdekulturen!

Hva: Landsleir 2022
Når: 30. juli - 6. august 2022
Hvor: Breim, Gloppen kommune, Vestland fylke - same stad som Nordisk leir i 2009.
Leirområde: Norsk Fjordhestgard