I februar 2025 er det årsmøte og val av nytt styre i 4H Hordaland. Valkomiteen er i gang med arbeide sitt, og ønskjer seg gode forslag til kandidatar!
Kanskje hadde det vore fint om nokon frå nettopp din klubb var med i fylkesstyret?
Les meir om arbeidet i fylkesstyret
Først og fremst er dette ein mogelegheit for å påverke, men gjennom eit slikt verv får ein også erfaringar, opplevingar og vener for livet. Kanskje dukkar det opp noko du aldri elles hadde fått bli med på?
Du kan føreslå/tipse om deg sjølv eller andre. Valkomiteen tar kontakt med den som blir føreslått etter behov.
Ta gjerne kontakt med valkomiteen eller bruk skjemaet under.
Elisabeth Haagensen | |||