KORONAOPPDATERING

Det er no mogleg å samlast mange på offentleg stad, så årsmøtet vert no gjennomført fysisk på Thon Hotel Jølster. Vi held oss til 1m avstand og oppmodar om bruk av munnbind. Det vil vere tilviste plassar.

Det er bindande påmelding til arrangementet. Unntak fra regelen: 
1) Du kan vise til legeerklæring som dokumenterar at du ikkje kan delta.
2) Du har symptom på luftvegsinfeksjon, eller er i karantene på grunn av covid-19, og må difor halde deg hjemme.

Gi beskjed om at du ikkje kjem. Send sms til 4H-kontoret v/Kari Anne: 960 96 782.

Vi gler oss til å møtes!


 

Praktisk informasjon:
Pris:
Fylkesårsmøte: kr 350,-
Faktura blir sendt til klubben. Bindande påmelding. Berre avmelding grunna sjukdom blir refundert.
Dei som er påmeldt Superhelg er allereie påmeldt fylkesårsmøtet!

Påmelding:
Personleg påmelding via ”Min side” (oppe i høgre hjørnet) på heimesida www.4h.no/sognogfjordane. Legg inn medlemsnummeret ditt og passord.
Legg også inn ev. allergiar, sjukdomar e.l. 
Manglar passord?
Om du manglar passord kan du be om å få dette på e-post. Du må ha e-post adresse registrert i medlemsregisteret. Manglar du dette kan du be ein i klubbstyret eller 4H-kontoret om å legge adressa inn for deg.
Påmeldingsfrist: Innan 6. februar.

PS! Det er mange som skal delta både på styrekurs og fylkesårsmøtet så eit tips til dei som har lang reiseveg er å booke overnatting på strekninga frå Naustdal til Skei :)

  • Thon Hotel Førde og Thon Hotel Jølster gir oss gode tilbod. 
    • Høyr med dei og gi beskjed at det gjeld overnatting for 4H i høve fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane.
  • Jølster Camping
  • Øvrebø Hytter
  • Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

 

Program for fylkesårsmøtet

10:00     Registrering
11:00     Opning av årsmøtet
12:30     Lunsj
13:30     Årsmøte held fram
15:00     Årsmøtet vert heva

Sakliste
1.    Opning
2.    Namneopprop
3.    Godkjenning av innkalling og sakliste (PDF, 320KB)
4.    Val av referent og teljekorps
5.    Val av to til å skrive under protokollen
6.    Godkjenning av forretningsorden (PDF, 209KB)
7.    Årsmelding 2021 (PDF, 2MB)
8.    Rekneskap 2021 (PDF, 2MB)
9.     Justering av handlingsplan 2021/2022 (PDF, 109KB)
10.    Årsplan 2022 (PDF, 301KB) og 2023 (PDF, 293KB)
11.    Fastsetjing av refusjon og godtgjerdsle for fylkesstyret
12.    Revidering av budsjett for 2022 (PDF, 181KB)
13.    Budsjett 2023 og 2024 (PDF, 181KB)
14.    Vedtektsendringar (PDF, 102KB)
15.     Årsmøteuttale
16.     Tilsetjing av revisor
17.     Val  
    A. Ordførar og varaordførar
    B. Leiar og fylkesstyre
    C. Vararepresentantar til fylkesstyret
    D. Fire representantar til Landsmøtet i 4H Norge
    E. Valnemnd
18.    Avslutning