- Arrangør: 4H Sogn og Fjordane
- Digitalt (Teams)
- 10:00
Organisasjon
På fylkesårsmøtet kan 4H-klubbane møte med to representantar med røysterett. Dei er med og bestemmer kva som skal skje i 4H Sogn og Fjordane det neste året.
Innkalling til digialt fylkesårsmøte i 4H Sogn og Fjordane
4H Sogn og Fjordane kallar inn til digitalt fylkesårsmøte søndag 14. februar.
4H-klubbane kan møte med 2 representantar med røysterett.
Viser til normalvedtektene for 4H-klubbane, §5 Årsmøtet.
f. Val for eit år av:
- 2 representantar med vararepresentantar til årsmøtet for 4H i fylket.
Sakliste:
- Opning
- Namneopprop
- Godkjenning av innkalling og sakliste
- Val av to til å skrive under protokollen
- Forretningsorden for årsmøtet
- Årsmelding 2020
- Rekneskap 2020
- Handlingsplan for 2021 og 2022
- Årsplan for 2021 og 2022
- Fastsetjing av refusjon og godtgjersle til fylkesstyret
- Revidering av budsjett for 2021
- Budsjett 2022 og 2023
- Vedtektsendringar
- Årsmøteuttale
- Tilsetjing av revisor
- Val
- Ordførar og varaordførar
- Leiar og fylkesstyre
- Vararepresentantar til fylkesstyret
- Valnemn
- Avslutning
Praktisk informasjon:
Lenka til møtet vil vere open frå klokka 0900 for registrering og tilkopling.
Årsmøtet startar kl. 10.00 og vil verte ferdig ca. kl. 15.00. Det bli lunsjpause under møtet.
Pris:
Ingen kostnad.
Førebuing til årsmøte:
Vi inviterer til opplæring og førebuing til årsmøte tysdag 9. februar. Sjå eige arrangement på 4h.no/sognogfjordane. Ingen påmelding.
Påmelding:
Personleg påmelding via ”Min side” (oppe i høgre hjørnet) på heimesida
4h.no/sognogfjordane. Legg inn medlemsnummeret ditt og passord, eventuelle
allergiar, sjukdomar e.l. og av for om du ynskjer å få tilsendt årsmøtepapira i posten, viss
ikkje får du dei på e-post.
Påmeldingsfristen er 1. februar (ny frist).
Sakspapira vert sendt til dei påmelde deltakarane ca. to veker før årsmøtet. I tillegg ligg dei her på sida.
Vel møtt!