Kanskje hadde det vore fint om nokon frå nettopp din klubb var med i fylkesstyret?

Først og fremst er dette ein mogelegheit for å påverke, men gjennom eit slikt verv får ein også erfaringar, opplevingar og vener for livet. Kanskje dukkar det opp noko du aldri elles hadde fått bli med på?

Du kan føreslå deg sjølv eller andre. Valkomiteen tar kontakt med den som blir føreslått etter behov.

Les meir om arbeidet i fylkesstyret og korleis du kan kontakte valkomiteen.