Velkomen til storkurs! 

13.-15. september er det klart for storkurs i fylket!  

Jølstravatnet
 
4H Sogn og Fjordane og Blåklokka 4H er glade for å kunne invitere til storkurs. Vi skal vere på Vassenden skule i Sunnfjord kommune.  

I tillegg til kursa blir det aktivitetar som bli-kjent program, underhaldning, leikar og musikk.  

Kurset skal vere på Vassenden skule og hallen.  
Vassenden er omringa av inspirerande natur, og er heimen til to av noregs mest kjende kunstnarar, Nikolai Astrup og Ludvig Eikås. Området rommar uteområde med moglegheit for mange aktivitetar utan om sjølve kursa. Her kan vi nemne bading i Jølstravatnet, kunstgrasbane og handballbane. I tillegg har vi hallen der det vert lagt til rette for Volleyball spel! 
 

Du som fyller 12 år i år eller eldre kan vere med.  

Troda 4H slappar av
Lurt å ta med:  

- Sovepose og liggjeunderlag  

- Toalettsaker - Innesko  

- Drikkeflaske – matboks 

- Liten sekk 

- Lommepengar  

- Sko og kle til aktivitetar 

 

Program: 

Fredag 13. september 

17:00 Frammøte og innkvartering 

18:00 Offisiell opning av storkurset 

19:00 - 20:00 Middag i Gjesthalla 

20:00 - 21:00 Bli kjent  

22:30 - 23:00 Vaksenleiarsamling 

21:30 - 24:00 Leik og moro utan eit organisert opplegg 

24:00 Ro 

 

Laurdag 14. september 

07:30 Felles vekking 

08:00 - 09:00 Frukost i Gjesthalla 

09:00 - 12:30 Kurs 

12:30 - 14:00 Lunsj i Gjesthalla

14:00 - 17:30 Kurs 

17:30 - 19:00 Fri / planlegge eventuell underhaldning. 

19:00 - 20:00 Middag i Gjesthalla 

20:00 - Underhaldning, leikar, konkurransar og sosialt 

01:00 Ro 
 

Søndag 15. september 

08:00 Felles vekking 

08:00 - 09:00 Frukost i Gjesthalla 

09:30-10:00 Rydding og pakking 

10:00-12:00 Felles aktivitet 

12:30-13:30 Lunsj i Gjesthalla og heimreise 

 

Kursreglar  

Når vi er mange saman i fleire dagar må vi ha nokre reglar å rette oss etter, slik at alle kan ha det så bra som mogleg.  
 
1. Ver ein god kamerat og vis alltid omsyn til andre.  

2. Det er ikkje lov å forlate kursstaden utan løyve frå vaksenleiar.  

3. Etter at det skal vere ro på sovesalane er det berre lov å opphalde seg på tilvist stad.  

4. Ver presis til kursøktene og hald orden i tinga dine. Andre sine ting let vi liggje i fred. Det gjeld sjølvsagt også skulen sine ting.  

5. All bruk av rusmiddel er sjølvsagt forbode, og vil medføre heimsending på eiga rekning.  

 

Påmelding, avmelding og pris  

Påmeldingsfristen er 1. september. På ein del kurs er det avgrensa plassar, desse fell vekk frå påmeldinga når dei er fulle. Påmelding gjer du på 4H Sogn og Fjordane. Og påmeldinga er bindande.   

Påmeldinga opnar 19. august.  

Avmelding må skje før 1. september.  
 
PS: Påmelding er bindande. Dette betyr at dersom ein må melde seg av arrangementet etter at påmeldingsfristen er over, må ein likevel betale deltakaravgift. Det er ikkje mogleg å gje plassen sin til nokon andre dersom ein ikkje kan møte sjølv. Dersom ein blir sjuk må ein likevel betale deltakaravgift, men få att pengane via reiseforsikringa si. 
 
Meir informasjon om kurset vert sendt på e-post til deg som er påmeldt seinast fredag 6. september.  

Storkurset kostar:  

Deltakar kr 850,-  
Voksenleiar kr 0,-  
 
kajakkar på vatn

Spørsmål og svar 

Kva er storkurs?  

Storkurset er ei samling av mange artige, spennande og lærerike kurs, og ein stad for å ver sosial. 

Kva er aldersgrensa?  

Storkurset er for alle 4H-medlemmer som fyller 12 år eller meir i 2024.  

Kvar skal vi vere?  

Storkurset skal vere på Vassenden. Nokre av kursa skal vere på skulen, andre utanfor skulen.  

Kvar skal vi overnatte?  

Vi skal overnatte i klasserom på Vassenden skule. Det betyr at alle må ha med sovepose og liggjeunderlag. Sidan vi skal sove mange på same rom betyr det at vi må ta omsyn, slik at alle får sove.  

Får vi mat?  

Blåklokka 4H lagar og serverar god mat på skulen. Dei faste måltida er med i prisen på kurset, medan kioskvarer kjem utanom. Dersom du ikkje toler spesielle matvarer, må du melde frå om dette ved påmelding til kurset.  

Må vi ha med vaksne?  

Storkurset er eit stort arrangement med mange deltakarar. For å sikre god kontakt mellom deltakarane og dei kursansvarlege må det vere med ein vaksen leiar pr 15 deltakarar. Klubbar kan samarbeide om leiar. 
 

Deltakarstøtte 

Økonomien skal ikkje vere til hinder for å delta på våre aktivitetar. Er du 26 år eller yngre kan du, din føresette eller din klubbrådgivar sende søknad om å få dekket deltagaravgifta di på dette eller andre arrangementet gjennom ”Deltagerstøtte". Les meir og send inn søknad her.  

 
4H Sogn og Fjordane og Blåklokka 4H ynskjer alle velkomne til haustkos og storkurs!