- Pris: Kr 950,-
- Arrangør: 4H Sogn og Fjordane
- Langeland
- (heldags)

Den som ventar på noko godt ventar ikkje forgjeves - Fylkesleiren vert på Langeland skisenter. Vi ynskjer alle velkomen til "Langt tilbake på Langeland".
-
Stad
-
Program
-
Aktivitetar
-
Praktisk informasjon
-
Aspirantleir
-
Påmelding for deltakarar
-
Påmelding for vaksenleiarar, alumnar og arrangørar
-
Informasjon til 4H-arane frå Hordaland
-
Spørsmål?
Kort om arrangementet:
Det er på tide med fylkesleir att! På fylkesleiren skal vi ha det kjekt saman! Vi skal bli kjent med kvarandre, ha kjekke aktivitetar, kul underhaldning og ikkje minst blir det SOFA-is!!
I år vert teltleiren på GRUS! Det betyr at ein må ha gode teltpluggar. Det er lurt å ha ein presenning under teltduken, og skal du ha med deg luftmadrass er det lurt å ha eit lag under for å unngå at den seier «poff».
Vi ynskjer i år òg ekstra velkommen til 4H-arar frå Hordaland som er invitert til leiren vår fordi dei arrangerer landsleir for oss!
Vi skal vere saman frå torsdag til sundag. Torsdag skal vi blir kjent med kvarandre, få øve litt på førstehjelp og på branntryggleik. Det vert skikkeleg leirbål på kvelden og SOFA held miljøtorgkiosken open for oss! Leirsjefar i år vert Nikoline Hylland Fitje og Kari Storøy.
Fredag er det turdag! I påmeldinga vèl du ein tur og vi brukar ca. halve dagen på dette. Ein kan velje mellom ein lett, middels og krevjande tur. Resten av dagen vert brukt til ulike turneringar i volleyball og tautrekking. På kvelden er miljøtorget opent, og scena vert open for dei som vil ta ein trall eller vise ein dans med meir!
På laurdag vert det aktivitetsdag! Du vèl ein aktivitet i påmeldinga og er på den ca. halve dagen. Etter lunsj og tunmøte går vi samla ned til Langelandsvatnet for SUP-brett-turnering og bading. Aspirantleiren startar på laurdag, og på kvelden vert det temakveld i miljøtorget! Årets tema er «Langt tilbake på Langeland» - her er det fritt fram til tolking. Premie til årets beste kostyme vert gitt ut!
Sundag skal det vere finalar og premieutdeling før vi seier «ha det bra» og reiser heimatt.
Stad:
Vår flotte, gode leir skal i år vere på Skisenteret på Langeland! Det er fleire ulike klubbar frå Sunnfjord som har gått saman for å arrangere leiren i år. Desse er; Den grøne riddar 4H, Skogkløver 4H, Framsyn 4H, Steintøff 4H, Standal 4H og Nausta 4H.
Program:
Programmet ser slik ut no, men det kan komme små endringar etter som leiren nærmar seg endå meir!
14:00 | Velkomen til leir. Vi bygger tun |
---|---|
17:00 | Offisiell opning av leiren |
17:30 | Middag |
18:30 | Tunsamling - velje 2 tunsjefar |
19:00 | Leiar- og tunsjefsamling |
19:00 | Eksteriørdømming |
20:00 | Branninformasjon og fyrstehjelp |
20:30 | Bli kjent |
21:00 | Miljøtorget opnar |
21:00 | Kveldsmat vert sett fram |
22:00 | Allsong ved bålet |
22:30 | Leirkontoret stenger |
23.00 | Stille i teltgropa |
00.00 | Miljøtorget stenger |
07:30 | Vekking |
---|---|
08:00 | Frukost / Leirkontoret opnar |
09:00 | Morgonsamling |
09:30 | Fjellturar |
14:00 | Volleyballturnering |
17:00 | Middag |
18:00 | Tunsjefsamling |
18:30 | Tunsamling |
19:00 | Miljøtorget opnar |
20:00 | Open scene |
21:00 | Kveldsmat vert sett fram |
22:00 | Leiarsamling |
22.30 | Leirkontoret stenger |
23.00 | Stille i teltgropa |
01.00 | Miljøtorget stenger |
07:30 | Vekking og frukost |
---|---|
08:00 | Leirkontoret opnar |
08:30 | Morgonsamling |
08:45 | Avreise til aktivitetar |
09:30 | Aktivitetar |
12:00 | Aspirantinnrykk |
13:00 | Aspirantaktivitet |
13:30 | Retur frå aktivitetar |
15:00 | Vi går til Langelandsvatnet |
16:00 | Sup-brett-konkurranse |
18:00 | Vi returnerer til leirområdet |
18:30 | Middag |
20:00 | Miljøtorget opnar |
20:00 | Temakveld startar: "Langt tilbake på Langeland" |
22:00 | Kåring av beste kostyme |
22:30 | Leirkontoret stenger |
00:00 | Stille i teltgropa |
03:00 | Miljøtorget stenger |
08:00 | Vekking |
---|---|
08:30 | Frukost |
09:00 | Leirkontoret opnar |
09:30 | Morgonsamling |
09:45 | Rydding og pakking |
11:00 | Finale i volleyball og tautrekking |
12:30 | Premieutdeling og avslutning ved scena |
Aktivitetar:
Lett tur | Vi går eit stykke opp i bakkane og finn eit grindabygg der vi leikar og har det moro. |
---|---|
Middels tur | Turen går til Gjøsetstølen. Det er ein 2 timars tur til ein vakker stølsplass med vatn der vi kan bade, slappe av og nyte nistepakka. |
Krevjande tur | Her får du kome opp i høgda. Vi går frå Skilbrei, oppover fjellsida og skal til Klungeren. Ei flott utsikt på toppen ved varden. Turen tek 4 timar. |
Tradisjonsbakst | Er du glad i å bake? Har du smakt natronkaker, og ete flatbrød til middagen? Dette er noko av favorittane våre, og om du likar dette så er dette kurset for deg! Her vil du lære korleis du lagar smakfulle natronkaker og ekte heimelaga flatbrød. |
---|---|
Folkedans | Er du danseglad? Her kan du prøve både ringdans, gruppedans og pardans. Du får lære både tretur og seksmannsril = turdans. Vi dansar reinlender, polka og vals = runddans, og i tillegg springar og halling = bygdedans. Kanskje freistar det å lære litt halling-sprett eller har du lyst til å lære å spøte, træ nåla og sparke hatt? |
Gardsbesøk | Bli med til Helene og møt kosejenta Bella, mammadalten Tara og den tøffaste Milla. Her er 12 herlege geiter som elskar å få besøk. I tillegg kan de helse på hanane Henn og Svart Onyxx med sine 16 fine frøkner. Det blir høve til ein traktortur, der vi kan få sjå kyr på beite og 3 turglade ender. Kanskje vi rekk helse på nokre sauer hos naboen? |
Skyting | Dette er kurset for dei som vil prøve seg å treffe blink. Bli med Gaular skyttarlag på Sande stadion. |
Geriljabroderi | Likar du å sy og brodere og vil prøve ut noko artig og nytt? Då er dette kurset perfekt! Her får du vere kreativ og lærer å brodere morsomme tekstar på eit tøystykke. Vi rammar det inn og du kan pynte litt i huset. |
Boblefotball | Har du lyst å prøve å spele fotball, medan du er inni ei boble? Dette er moro, lite knall men mange fall! Vi spelar turnering med 4 lag. |
Spikking | Bli med på spikkekurs! På dette kurset får du utfolde deg med kniv og øks og lære deg både ulike spikketeknikkar og om sikkerheit. Vi brukar heilt ferske emner, som vert henta i nærområdet, og lagar «ring på pinne»-spel og smørkniv. Du treng ikkje noko kunnskap om spikking på førehand. |
Disc golf | Har du konkurranseinstinkt? Har du kasta frisbee? Eller kunne du tenkt deg å prøve eit annleis golfspel? Framsyn 4H inviterer til gøyal disc golf. Bli med å kaste frisbee for å treffe korga. |
Alumnaktivitet: Gokart | Er du alumn eller plakettmottakar? Då er dette aktiviteten for deg! Bli med SOFA på ein fartsfyllt dag i Kråkenesmarka der du kan køyre om kapp med både noverande og kommande alumnar. |
Praktisk informasjon:
Du kan delta på fylkesleir dersom du fyller 12 år eller er eldre i år! Dvs. dei som er født i 2012 eller tidlegare.
Det er viktig at du i påmeldinga gir beskjed om eventuelle allergiar eller noko anna du vil trenge under leiren!
Leiren er på grus! Hugs godt liggeunderlag og gode teltpluggar.
Leiren skal vere i høgda, og då er det lurt med gode klede til kveldane.
Aspirantleir:
Er du aspirant og ikkje gamal nok til å vere med på heile leiren, kan du vere med på aspirantleir! Aspirantleir startar laurdag klokka 12 og er ferdig når heile fylkesleiren er ferdig. Aspirantane frå dei ulike klubbane må ha med seg ein eigen vaksenleiar. Naboklubbar kan samarbeide om vaksenleiar for aspirantane!
Aktivitet for aspirantar: Lage din eigen “rek-ved” båt med segl, og pinnebrød på bål.
Det vil seie at aspirantane har eigen aktivitet, og blir med resten av leiren på det som skjer elles. Påmelding aspirantleir
Det kostar 400kr for aspirantleir.
Påmelding for deltakarar:
For vanleg deltakar kostar leiren 950kr. Dersom ein familie sender fleire søsken så kostar det første barnet 950kr, og så vil søskenpris vere 850kr.
Fristen for å melde seg på leir er 15. juli.
Påmeldinga er bindande. Det vil seie at dersom ein ikkje kan kome på leir etter at ein har meldt seg på må ein fortsatt betale. Unntaket er om ein vert sjuk og ein kan vise fram attest frå lege. Dersom ein ikkje kan kome på leir eller vert sjuk må ein gi beskjed til 4H Sogn og Fjordane på mail sfj@4h.no eller telefon til Helene: 95 18 04 09.
Lenke til rettleiing for innlogging i medlemsregistret
Påmelding for vaksenleiarar, alumnar og arrangørar:
4H-klubbane har ansvar for å sende 1 vaksenleiar per 15 deltakar frå klubben sin. Dersom naboklubbar ynskjer det kan dei samarbeide om vaksenleiarar. Som vaksenleiar har du ansvar for medlemmane frå klubben din. Du får òg hjelpe arrangørklubben med enkle dugnadsoppgåver. Dette er ei flott moglegheit til å bli kjent med fleire vaksne og frivillige i 4H.
Som vaksenleiar betalar du 0kr for å vere med på leiren.
Dersom du som vaksenleiar har barn som må vere med, og er under deltakaralder, så betalar barnet 500kr for å vere med på heile leiren!
Er du vaksenleiar, og manglar medlemsnummer i 4H kan du melde deg på i dette skjemaet
Er du alumn har vi eit supert tilbod til deg i år! Melder du deg som nattevakt får du 50kr prisreduksjon per natt du tek (vakta varer ikkje heile natta, men nokre timar). Ordinær påmeldingspris for alumnar er 500kr.
Informasjon til 4H-arane frå Hordaland:
Bussen frå Bergen til Førde stoppar like nedanfor leirområdet.
Nor-way sin fjordekspress reiser frå Bergen busstasjon kl 10:00 og er på Langeland kl 13:12. Det vil då vere mogleg å setje opp telt før registrering for dykk som kjem med buss.
Spørsmål?
Har du nokon spørsmål om leiren?
Ta kontakt med:
4H-kontoret: Helene 95 18 04 09
Fylkesstyret: Inger-Margrethe 90 16 93 39
Arrangørkomiteen: Kristin Eineteig 95 94 16 99