Stad

Vår flotte, gode leir skal i år vere på Langeland Skisenter i Sunnfjord kommune.

Program

Aspirantleir starta laurdag klokka 12 og er ferdig når heile fylkesleiren er ferdig. Aspirantane frå dei ulike klubbane må ha med seg ein eigen vaksenleiar. Naboklubbar kan samarbeide om vaksenleiar for aspirantane. 

Aktivitet for aspirantar: Lage din eigen “rek-ved” båt med segl, og pinnebrød på bål.  

pinnebåt

Praktisk informasjon

Du kan delta på aspirantleir dersom du er mellom 10 og 12 år.

Det er viktig at du i påmeldinga gir beskjed om eventuelle allergiar eller noko anna du vil trenge under leiren. 

Påmelding for deltakarar 

Det kostar 400 pr deltakar å delta på aspirantleiren. 

Påmeldinga er bindande. Det vil seie at dersom ein ikkje kan kome på leir etter at ein har meldt seg på må ein fortsatt betale. Unntaket er om ein vert sjuk og ein kan vise fram attest frå lege. Dersom ein ikkje kan kome på leir eller vert sjuk må ein gi beskjed til sfj@4h.no eller til leirsjef for aspirantleiren (sjå nederst i teksten).

Lenke til rettleiing for innlogging i medlemsregistret/min side

Påmelding for vaksenleiarar og arrangørar 

4H klubbane har ansvar for å sende minst 1 vaksenleiar pr 15 deltakar frå sin klubb. Dersom naboklubbar ynskjer det kan dei samarbeide om vaksenleiarar. Som vaksenleiar har du ansvar for medlemane frå din klubb. Dette er ein flott moglegheit til å bli kjent med fleire vaksne og frivillige i 4H.  

Som vaksenleiar betalar du 0kr for å vere med på leiren. 

Er du vaksenleiar og ikkje har medlemsnummer? Meld deg på i dette skjemaet. 

Spørsmål? 

Har du nokon spørsmål om leiren?  

Ta kontakt med:

4H-kontoret: Helene 95 18 04 09

Fylkesstyret: Inger-Margrethe 90 16 93 39

Arrangørkomiteen: Kristin Eineteig 95 94 16 99