Påmelding til leiren vert opna så snart som råd!

Alt er ikkje klarlagt heilt endå... MEN vi kan no avsløre at: 

Teltleiren vert omringa av flott natur, men telta må stå på ei grusbane - så det er viktig med gode teltpluggar og skikkelege liggeunderlag. I tillegg eit tips: presenning til å legge under telta kan vere lurt å ha med.

Programmet er førebels slik:

TORSDAG - vi møtast på leir !

  • Registrering
  • Bygging av tun
  • Bli kjent
  • Brannøving
  • Fyrstehjelp
  • Open scene

FREDAG - vi går på tur !

  • Lett / middels / tung fjelltur
  • Sup-brett-turnering
  • Kosekveld

LAURDAG - vi lærer noko nytt og konkurrerer !

  • Aktivitetar 09:30 - 13:30
  • Aspirantleir startar 12:00
    • Aspirantaktivitet: Rek-ved båt med segl og pinnebrød på bål
  • Volleyballturnering
  • Temakveld: Langt tilbake på Langeland

SUNDAG - vi reiser heim :(

  • Rydding av leirområdet
  • Tautrekking
  • Finale og superfinale i volleyball
  • Kåringar og avslutning

Vi kan òg nemne at:

  • SOFA stiller med sofa-is og god stemning
  • Leirsjef i år vert Nikoline Hylland Fitje og Kari Storøy
  • Mange spennande aktivitetar å velje mellom

 

I år vil vi invitere 4H Hordaland til vår fylkesleir ! 

Bussen frå Bergen til Førde stoppar like nedanfor leirområdet.

Nor-way sin fjordekspress reiser frå Bergen busstasjon kl 10:00 og er på Langeland kl 13:12.  Det vil då vere mogleg å setje opp telt før registrering for dykk som kjem med buss.

VI GLER OSS TIL Å SJÅ DYKK ALLE PÅ LANGELAND :)