1. desember er ein viktig dato. Klubben vil få frifondstøtte og momskompensasjon dersom årsmelding, nytt klubbstyre (verv) og årsrapport i medlemsregistret er levert før midnatt 1. desember.
Skaff deg oversikt
For å ha god kontroll på kva som gjerast, er det lurt å klikke seg gjennom systemet i god tid før fristen. I år kan årsmelding og oppdatering av verv også skje via "Min side". Årsrapport (dato for årsmøtet) må som før gjerast av nyvalt leiar via medlemsregistret.
- Årsmelding 2020
- Årsrapport 2020 (datoen for årsmøte)
- Oppdatering av verv (nyvalt styre i klubben)
For detaljert rettleiing klikk her.
Delta på digitalt møte
Fylkesstyret og ansatte arrangerer digitalt møte i starten av november. Her vil vi gå gjennom kva som skal gjerast og korleis. Det blir også høve til å stille spørsmål.
Kvifor er 1. desember absolutt siste frist?
Ein viktig del av årsmeldinga er frå i år å rapportere kva frifondstøtta er brukt til. Dersom klubben fekk tildelt frifond 2019, fekk de utbetalt pengane hausten 2019. Støtta kan vere brukt hausten 2019 eller i løpet av 2020.
Det er Landsrådet for barne og ungdomsorganisasjoner (LNU) som kvart år tildeler frifondsstøtte til 4H Norge. 4H Norge vidareformidler så til klubbane. LNU har sett ein frist for utbetaling til klubbane og for tilbakebetaling av ubrukte midler. Denne fristen er i desember. 4H må derfor ha alle tal tilgjengeleg for innkreving av ubrukte midler og tildeling av ny støtte.
Viktig: Kravet til frifond-rapport er skjerpa. De må nå skrive deltaljert kva pengane er brukt til og kva dette kosta. Sjå eksempel i hjelpetekst (klikk på spørjeteiknet i systemet). Det kan bli kontroll i etterkant, og klubben vil då bli spurt om å vise fram rekneskapsbilag.