Sett av helga 17. - 19. september! 

Fredag skal vi få møte hovudkomiteen i form av eit meet n’ greet og vi skal bli kjende med kvarandre saman med årets trivselsagentar. Laurdagen vert det ein temakveld med mykje ulikt innhald, men temaet er framleis heilt hemmeleg. Sundag før heimreise vil hovudkomiteen ha ein morosam aktivitet med deltakarane før vi takkar for i år.

Vi håpar på å kunne treffe alle som vil vere med på storkurs i september og at vi kan finne på mykje kjekt og sosialt saman igjen!

Av kurs vil vi kunne håpe å tilby desse:

  • E-sport 
  • Fotball 
  • Volleyball 
  • Kreativt kurs 
  • Band 
  • Kajakk 
  • Friluft 
  • 4H-influensar 
  • Brannmann for ein dag 
  • Dans

...og kanskje endå fleire kurs...

 

Påmeldingsfrist 1.september

Informasjon vil kome når påmelding startar

 

Økonomien skal ikkje vere til hinder for å delta på aktivitetane våre. Er du 26 år eller yngre kan du, dine føresette eller klubbrådgjevaren din sende søknad om å få dekka deltakaravgifta di på dette arrangementet gjennom "Deltagerstøtte". Les meir og send inn søknad her: https://4h.no/for-4h-ere/deltagerstotte/ 

 

Vi håpar på å kunne treffe alle som vil vere med på storkurs i september, og at vi kan finne på mykje kjekt og sosialt saman igjen!