4H skal vere ein trygg stad for medlemane våre. Vi har fokus på førebyggande arbeid mot seksuelle overgrep og grenseskridande åtferd. Som eit ledd i dette førebyggande arbeidet har 4H krav om at tilsette og frivillige må levere såkalla avgrensa politiattest for å kunne arbeide eller vere med i organisasjonen.

Politiattesten sin validitet

  • Politiattesten som visast fram skal ikkje vere eldre enn 6 månadar. Alle som ikkje har politiattest for vervet sitt i 4H skal søkje om attest. Når politiattesten er vist fram er den gyldig inntil ein skiftar rolle/verv, då må ein søkje ny. Dvs. bytter du frå klubbrådgjevar B til klubbrådgjevar A eller motsett, må du vise fram politiattest. Det er viktig å krysse av på dette punktet i formålsstadfestinga (Stillingstype: Kryss av på "nytt verv i frivillig organisasjon")
  • Klubbrådgjevar A fyller ut "Stadfesting på behov for politiattest" for klubbrådgjevar B og andre i klubben som treng dette. Regionkoordinator eller organisasjonsrådgjevar kan fylle ut for rådgjevar A og dagleg leiar på 4H-gard.
  • Dagleg leiar på 4H-garden fyller ut for medhjelparane sine.

Levering/framvising av politiattest

Det er viktig at det registrerast i medlemsregisteret så fort som mogleg etter framvising.

  • Klubbrådgjevar B og andre i klubben viser attesten sin til klubbrådgjevar A, kan visast via e-post som slettast med ein gong etterpå. Klubbrådgjevar A registrerer så dette i medlemsregisteret.
  • Tilsette, frivillige på 4H-gardar viser til dagleg leiar.
  • Klubbrådgjevar A viser politiattesten sin til organisasjonsrådgjevar eller regionkoordinator.
  • Dagleg leiar på 4H-gard viser til Regionleder i regionen sin.