Vi hadde den 6. november eit digitalt informsjonsmøte om 1. desember fristen og det nye 4H-løpet. Her kjem ei lita oppsummering.

1. desember fristen

Det var ein gjennomgang av rutinane ved årsrapporteringa, her er ein link til all informasjon som de treng for dette.

Det vart framheva at dersom ein skal endre verv, så må ein sette sluttdato på eksisterande verv og så opprette nytt verv. Og dersom ein skal endre eller avslutte verv på seg sjølv så må ein endre verv på andre først.

Endring av opplysingar i Brønnøysund skal oppdaterast av det avtroppande styret. Framgangsmåte / info om dette finn de her

For spørsmål om årsrapporteringa ta kontakt på epost: 
Anne-Berit Brovold <anne-berit.brovold@4h.no>

4H-løpet

Informasjon om det nye 4H-løpet finn de her

Det vart stilt spørsmål om poeng til aspirantar. Aspirantar vil med det nye løpet også kunne få poeng, men vil ikkje få poeng for i år og tidlegare år.

Medlemane får med seg poeng frå prosjekt i år og tidlegare år, der eit juniorprosjekt gir 120 poeng og eit seniorprosjekt gir 160 poeng. For at det skal bli mest mogleg rettferdig, vil ein ikkje få poeng frå aktivitet i år og tidlegare år.  

Siste del hadde vi oppdateringer i fra fylket. Til høyre finner du oversikt over arrangement med datoer, påmeldingsfrister og arrangør i 2024.