Ungskogpleie kan skape eit godt livsgrunnlag for dyr i skogen. Registrer dyr i skogen før og etter ungskogpleie.
I serien om skog og skogbruk kan du velje oppdrag om skog, skogplanting og skogsarbeid med motorsag. Serien er utvikla i samarbeid med Skogkurs. Dersom du søkjer på oppdrag tagga med «skogbruk», ser du alle oppdraga i denne serien.
Ungskogpleie er viktig for kvaliteten på trea. Pleier vi trea riktig, vil dette med tida gi tømmer med god kvalitet. Det vil seie at skogeigaren får betre betalt for tømmerstokken når skogen blir hogt og tømmeret blir levert på sagbruket. Samtidig skal vi pleie skogen slik at den blir eit godt livsgrunnlag for dyr og planter.
Framgangsmåte
Besøk området for ungskogpleie for å registrere kva dyr og fuglar som lever der. Det er ikkje likegyldig når du gjer desse registreringane. Hjortevilt har størst aktivitet på kveldstid eller tidleg om morgonen. Fuglar er lettast å observere ved soloppgang. Har du moglegheit å besøke område på vinteren før du gjennomfører ungskogpleie, er det mogleg å registrere spor av dyr i snøen. Skriv ned kva artar du ser i området. Skjemaet kan du finne under Dokumenter.
Gjer tilsvarande registreringar etter gjennomført ungskogpleie, for å sjå om nokre artar har blitt bort eller kome til som følgje av skogtiltaket.
Oppdraget er utvikla i samarbeid med Helene Bakke Oudenstad frå Skogkurs.