I serien om skog og skogbruk kan du velje oppdrag om skog, skogplanting og skogsarbeid med motorsag. Serien er utvikla i samarbeid med Skogkurs. Dersom du søkjer på oppdrag tagga med «skogbruk», ser du alle oppdraga i denne serien.


Ungskogpleie er viktig for kvaliteten på trea. Pleier vi trea riktig, vil dette med tida gi tømmer med god kvalitet. Det vil seie at skogeigaren får betre betalt for tømmerstokken når skogen blir hogt og tømmeret blir levert på sagbruket. Samtidig skal vi pleie skogen slik at den blir eit godt livsgrunnlag for dyr og planter.

Dei fleste forbind bruk av motorryddesag med skogsarbeid, men verktøyet blir òg brukt i mange andre næringar. Mange av desse bedriftene tilbyr sommarjobb og då er det ein stor fordel for deg å beherske bruk av motorryddesag.

Skal du bruke motorryddesag i samanheng med sommarjobb i landbruket eller bedrift, då må du kunne vise til Dokumentert sikkerheitsopplæring. Det betyr at du har gjennomført naudsynt teoretisk og praktisk opplæring med bevis.

Det er to alternative måtar å få opplæring dersom du ikkje går på VGS naturbruk:

  • Gå eit kurs ved ein godkjent opplæringsinstitusjon. Kurset Dokumentert sikkerheitsopplæring handlar om å bruke motorryddesag på ein trygg og effektiv måte.
  • Få opplæring av ein person med lang erfaring med hogst, men då må du vere heilt sikker på at personen har tileigna seg riktig kunnskap. Det er ofte vanskeleg å vurdere.

Ønskjer du å gjennomføre ungskogpleie med motorryddesag i 4H, anbefaler vi at du går eit kurs i ungskogpleie som inkluderer Dokumentert sikkerheitsopplæring av motorryddesag ved ein godkjent opplæringsinstitusjon. Då vil du kvalifisere deg til å kunne ta jobbar med motorryddesag som arbeidsverktøy.

Krav

  • Alle som vel dette oppdraget, må vere fylt 15 år før kurset startar.
  • I forkant av kurset bør du òg sjå videoar om bruk av verneutstyr i skogen. Desse finn du under lenker.

Dokumentert opplæring i bruk av motorryddesag

Du kan gå kurs hjå ein godkjent opplæringsinstitusjon. Ein av dei er Aktivt Skogbruk. Dei har instruktørar lokalisert i alle fylker. Meir informasjon finn du på skogkurs.no. Dei har fleire kurs i ungskogpleie. Det er kurset på 15 timar som gir deg Dokumentert sikkerheitsopplæring.

Det kostar pengar å delta på kurset, men det finst ulike stipend eller legat der du kan søkje om støtte til kurs. Det er òg mogleg å søke landbrukskontoret i kommunen om støtte. Bur du på ein landbrukseigedom med skog, er det òg mogleg å dekke utgiftene til kurs gjennom eigedomen sitt Skogfond.

Oppdraget er utvikla i samarbeid med Helene Bakke Oudenstad frå Skogkurs.