I serien om skog og skogbruk kan du velje oppdrag om skog, skogplanting og skogsarbeid med motorsag. Serien er utvikla i samarbeid med Skogkurs. Dersom du søkjer på oppdrag tagga med «skogbruk», ser du alle oppdraga i denne serien.


Ungskogpleie er viktig for kvaliteten på trea. Pleier vi trea riktig, vil dette med tida gi tømmer med god kvalitet. Det vil seie at skogeigaren får betre betalt for tømmerstokken når skogen blir hogt og tømmeret blir levert på sagbruket. Samtidig skal vi pleie skogen slik at den blir eit godt livsgrunnlag for dyr og planter.

Framgangsmåte

Start tidleg på våren, slik at du har heile sommaren på deg til å jobbe i skogen. Du må ha gjennomført Dokumentert sikkerheitsopplæring med motoryddesag (15 timer) før du kan jobbe med dette oppdraget.

Før du startar arbeidet, må du finne eit område som har behov for ungskogpleie, som du kan disponere under arbeidet med prosjektet. Ta kontakt med ein skogeigar, gardbrukar eller skogansvarlege i kommunen.

Planlegg ungskogpleie. Bruk eit godt kart over område og rekn ut kor mange tre det finnast i området. Bruk gjerne vedlegg «Tretettleiken» under dokumenter. Planlegg kor mange tre skal bli igjen etter ungskogpleie og korleis du skal rydde i landskapet.

Sjekk at bladet av motorryddesaget ikkje er sløvt og fil bladet. Ta på verneutstyr og bruk rett arbeidsteknikk.

Under lenker kan du finne nyttige informasjonskjelder til oppdraget.

 

Oppdraget er utvikla i samarbeid med Helene Bakke Oudenstad frå Skogkurs.