Som trivselsagent sprer du trivsel, tilhøyrsel og glede i klubben din, på 4H-arrangement, i nærmiljøet og i andre samanheng . Du har sansane opne mot menneska rundt deg og passar på at alle blir inkludert.  Du får erfaring gjennom triveselagentopplæringa og praktisk arbeid. Dette er eitt av fleire oppdrag i serien. Heile oppdragsserien finn du ved å klikke på "trivselsagent" nedst.

Å delta på eit større arrangement er ein enkel jobb i seg sjølv, men undervegs i anten leiren, nattvolleyballcupen eller storkurset skal du gjere ulike jobbar som ein del av di oppgåve.

Det kan vere å: halde bli-kjendt-leikar, halde andre leikar, passe på at alle blir inkludert, snakke med andre medlem, underhalde på kvelden mm.

Dette blir eit samarbeidsprosjekt mellom alle agentane i fylket og du vil få lære og planlegge om dette oppdraget på begge samlingane.