Som trivselsagent sprer du trivsel, tilhøyrsel og glede i klubben din, på 4H-arrangement, i nærmiljøet og i andre samanheng . Du har sansane opne mot menneska rundt deg og passar på at alle blir inkludert.  Du får erfaring gjennom triveselagentopplæringa og praktisk arbeid. Dette er eitt av fleire oppdrag i serien. Heile oppdragsserien finn du ved å klikke på "trivselsagent" nedst.

Synleggjering handlar om å vise kva me gjer i 4H til andre som kanskje ikkje veit så mykje om 4H. Dette kan ein gjere på veldig mange ulike måtar og igjen er det berre fantasien som set grenser for kva du gjer.

Tips og triks til dette vil du få på samlingane!