Som trivselsagent sprer du trivsel, tilhøyrsel og glede i klubben din, på 4H-arrangement, i nærmiljøet og i andre samanheng . Du har sansane opne mot menneska rundt deg og passar på at alle blir inkludert.  Du får erfaring gjennom triveselagentopplæringa og praktisk arbeid. Dette er eitt av fleire oppdrag i serien. Heile oppdragsserien finn du ved å klikke på "trivselsagent" nedst.

I dette oppdraget skal horisontane utvidast og det er på tide å samarbeide med ein organisasjon utanfor 4H-klubben.

Her er det mange moglegheiter for kven de vil samarbeide med og kva de vil samarbeide om, og det vil vere lurt å tenke på kva plassen du bur på har av lag og om dei pleier å arrangere noko som de i 4H kan bli ein del av.

På samlingane vil de få masse tips om kva de kan gjere og med kven!