Som trivselsagent sprer du trivsel, tilhøyrsel og glede i klubben din, på 4H-arrangement, i nærmiljøet og i andre samanheng . Du har sansane opne mot menneska rundt deg og passar på at alle blir inkludert. Du får erfaring gjennom triveselagentsamlinger og praktisk arbeid. Dette er eitt av fleire oppdrag i trivselagent-serien. Heile oppdragsserien finn du ved å klikke på "trivselsagent" nedst.

I dette oppdraget skal du planlegge å gjennomføre to trivselstiltak i eigen klubb.

Kva du kan gjere er fullt opp til deg og berre fantasien set grenser, men nokre eksempel på trivselstiltak er: spelekveld, takkino, leikar på møtene, grilling, stranddag, turdag mm.

Korleis du kan gjennomføre trivselstiltaket vil du lære meir om på samlingane og ein av desse tiltaka skal arrangerast mellom første og andre samling. Det andre kan du sjølv velje når du vil gjennomføre.