Som trivselsagent sprer du trivsel, tilhøyrsel og glede i klubben din, på 4H-arrangement, i nærmiljøet og i andre samanheng . Du har sansane opne mot menneska rundt deg og passar på at alle blir inkludert.  Du får erfaring gjennom triveselagentopplæringa og praktisk arbeid. Dette er eitt av fleire oppdrag i serien. Heile oppdragsserien finn du ved å klikke på "trivselsagent" nedst.

I oppgåva di som trivselsagent vil du møte mange ulike 4H-arar i ulike aldrar og fordi du er ein trivselsagent blir du fort eit naturleg førebilete for mange.

Det å vere eit førebilete er noko som fører med seg eit ekstra ansvar og då er det viktig at du er ein god rollemodell for dei som ser opp til deg!

Nøyaktig kva dette inneber vil du få ein betre oversikt over på samlingane du skal delta på, men eit eksempel er at ein rollemodell ser folka rundt seg og inkluderar dei. Vidare er det opp til deg korleis du vil løyse oppdraget!