I serien om skog og skogbruk kan du velje oppdrag om skog, skogplanting og skogsarbeid med motorsag. Serien er utvikla i samarbeid med Skogkurs. Dersom du søkjer på oppdrag tagga med «skogbruk», ser du alle oppdraga i denne serien.

­___

I Noreg må alle som hogger skogen sørgje for at ny skog veks opp att. Skogen kjem ofte opp att av seg sjølv, om vi berre gjev han tid, men vi kan som regel ikkje vente på naturen. Skogplanting er ein fin sommarjobb for ungdom, både juniorar og seniorar.

Før du kan set i gong med planting, må det vere avgjort kva treslag som skal plantast og kor mange planter ein treng. I Noreg plantar vi mest gran, men det er også mogleg å plante andre treslag. På Austlandet er det ei auka interesse for å plante bjørk, særleg i felt som ligg i nærleiken av tunet på garden.

Framgangsmåte

  1. Finn fram til det treslaget som utnyttar marka og veksttilhøve best mogleg (sjå vedlegg).
  2. Rekn ut planteavstand og tal planter per dekar (sjå vedlegg).
  3. Finn ein planteskule som kan levere planter der frøet kjem frå rett klimasone (proveniens). Det er liten eller ingen skilnad på utsjånaden til dei ulike proveniensane, med dei reagerer ulikt på dei vekstfaktorane som heng saman med klimaet.

Oppdraget er utvikla i samarbeid med Helene Bakke Oudenstad frå Skogkurs.