I serien om skog og skogbruk kan du velje oppdrag om skog, skogplanting og skogsarbeid med motorsag. Serien er utvikla i samarbeid med Skogkurs. Dersom du søkjer på oppdrag tagga med «skogbruk», ser du alle oppdraga i denne serien.

­___

I Noreg må alle som hogger skog sørgje for at ny skog veks opp att. Skogen kjem ofte opp att av seg sjølv, om vi berre gjev han tid, men vi kan som regel ikkje vente på naturen. Skogplanting er ein fin sommarjobb for ungdom, både juniorar og seniorar.

Når du plantar skal du prøve å fordele plantene utover på feltet i ein tilnærma lik avstand mellom kvar plante. Det er likevel viktigare å sette plantene på plassar der dei har størst sjanse til å vekse opp. Dei beste planteplassane er inntil stubbar, steinar og kvisthaugar og på flater som er klargjort.

Utstyr

  • Planteveske
  • Planter
  • Holpipe
  • Borhakke
  • 3-4 retningskjeppar

Framgangsmåte

  1. Før du set i gong med skogplanting anbefaler vi at du har gjennomført kurs om skogplanting.
  2. Organiser deg på feltet. Bruk gjerne retningskjeppar for å sikre at heile feltet blir planta til.
  3. Fyll planteveska med plantebuntane.
  4. Finn dei gode planteplassane. Bruk borhakke for å flekka av vegetasjon før du stikk hol i jorda med holpipa.
  5. Pass på at planten står loddrett og rota er dekt med jord. Trykk rotpluggen ned med fingrane til øvste del er 2-3 cm under jordoverflata.
  6. Plant aldri oppå tuver (blir fort tørt) eller i fordjupingar (vert ofte vatn ståande) i terrenget.
  7. Hald fram til heile feltet er planta.

 

Oppdraget er utvikla i samarbeid med Helene Bakke Oudenstad frå Skogkurs.