Når hausten kjem er det tid til å sanke sauane frå høgfjellet og få flokken heime på garden igjen. Sauesanking er en spennande oppleving som fører deg målbevist på fjelltur i lag med andre. Formålet med sauesanking er å drive sauane frå høgfjellsbeite til enten innmarksbeite eller ein samlingsstad for å kunne frakte dei vidare til garden.

Sauesanking kan bli gjennomført på fleire måtar. Høyr med lokale bønder korleis dei sankar sau og om du kan delta. Sauar kan oppføre seg på ulike måtar, avhengig av rase, vêrforholdet og andre faktorar. Er du heldige, då veit sauane at dei skal gå nedover, men er det fortsett fint vêr, då har dei kanskje ikkje lyst enno. Det er en fordel om du er kjent med sauar og korleis dei oppfører seg. Veit du kva du må gjere om du møter sjuke eller skadde dyr? Du kan sjølvsagt også slå deg saman med andre som har erfaring med sauar og sauesanking.

Det pleier å vere mange som går i lag for å finne sauane og det er ofte fleire gardar med sau på same beiteområde som sankar samtidig. Sauar spreier seg ofte i mindre grupper over eit stort område og derfor må sankelaget også dele seg over eit stort området for å kunne samle alle sauar. Radioar er nyttige verktøy for å halde kontakt med kvarandre. Dessutan hjelper det mykje om det er ein gjetarhund med på sankinga. Det et viktig at du kler deg etter vêret og er førebudd på glatte steinar, våt ur og bar fjell når du leter etter sauane. Tenk på sikkerheita når du er ute på fjellet og gå i lag med andre!

Etter den første turen må bøndene samle sauane sine og få oversikt om alle dyr har kome med. Ofte blir det fleire ettersamlingsturar for å få alle ned, men uansett om du deltar ein gong eller blir med til siste sauen er på plass, er det godt å kunne avslutte sauesankinga i fellesskap med god mat og drikke!

Har du vore med før eller er det første gong du er med på sauesanking? Korleis gjekk sauesankinga for deg? Har du ei god historie som du vil dele?