For 4H-klubbar er det ekstra stas å få besøk frå fylkeslaget på haustfesten. Det er fylkesstyret som planlegg besøk, men dei spør òg andre 4H-frivillige om dei kan stille på vegne av fylkeslaget. Det kan vere spennande og kanskje litt ukomfortabelt på førehand, men det er gjevande når du besøker 4H-klubben.

Her er nokre tips til besøket:

Ta kontakt med klubben i god tid før haustfesten for å avtale nærmare når du er på haustfesten og kva klubben forventar av deg. Kanskje ska du halde ein tale eller dele ut vurderingsark og årspins. Spør korleis du kjem deg til lokalet, dersom du ikkje er kjent i området. Det er ikkje alltid like lett å finne forsamlingshus med navigasjonsappar.

Når du kjem på besøk at det viktig å hugse at du er representant for fylkeslaget og du har ein aktiv rolle på haustfesten. Ta gjerne ei runde langs utstillinga og vis interesse for dei som er på haustfesten. Hugs også  å takke klubbstyre og klubbrådgjevarar for invitasjonen når du reiser igjen.

Vis fram besøket ditt på haustfesten og kva du har lært når du avsluttar oppdraget.