Ein naturmøteplass fortener eit fint skilt og kanskje det kan setjast eit lokalt og personleg preg på skiltet som passar til plassen?
I denne serien skal du gjera ulike oppdrag som dreier seg om naturmøteplassen. På ein naturmøteplass vert det lagt til rette for at barn og unge skal få lære å bruke naturen og verte glad i den slik den er, heilt naturleg. Naturmøteplassane er lokale arenaer for lågterskel aktivitetar innan natur og miljø. Eller enklare sagt: friluftsfolket sitt svar på ballbingar. Dei er opne, tilgjengelege og familievenlege, og er ein fysisk møtestad ved sjøen, på fjellet, i skogen eller på opparbeidde friluftsområde i nærmiljøet. Nokre av naturmøteplassane er universelt tilrettelagt.
I dette oppdraget skal du laga eit skilt til naturmøteplassen.
Du treng:
- Ei stor treplate
- Sag
- Målebånd
- Treslipar
- Blåpapir
- Mal til tekst eller logo
- Svipenn eller malingsutstyr
- Annet valfritt dekor til skilta
Fremgangsmåte:
- Mål opp treplata du skal bruka og sag den til.
- Slip treverket så det blir glatt og utan flis.
- Legg blåpapir på treplata og tekn inn omrisset av teksten og/eller logoen som skal stå på skiltet.
- Du kan svi, male eller dekorere skiltet slik du ønskjer. Vi har brukt svipenn både for å gjere omrisset tydelig og for å dekorere skiltet. Hugs: Ulike nåler gjer ulik strek.
- Heng opp skiltet på naturmøteplassen.
Lykke til!