Gjer det triveleg å vere på Naturmøteplassen!
I denne serien skal du gjera ulike oppdrag som dreier seg om naturmøteplassen. På ein naturmøteplass vert det lagt til rette for at barn og unge skal få lære å bruke naturen og verte glad i den slik den er, heilt naturleg. Naturmøteplassane er lokale arenaer for lågterskel-aktivitetar innan natur og miljø. Eller enklare sagt: friluftsfolket sitt svar på ballbingar. Dei er opne, tilgjengelege og familievenlege, og er ein fysisk møtestad ved sjøen, på fjellet, i skogen eller på opparbeidde friluftsområde i nærmiljøet. Nokre av naturmøteplassane er universelt tilrettelagt.
Oppdraget går ut på at ein held natumøteplassen vedlike.
Du kan blant anna:
- Slå graset
- Sage ned tre
- Måle/beise, rydde og vaske etc.
Når vi vil ha ein triveleg plass å vere, så må vi yte for å nyte.
Lykke til!