Våren er ei herleg tid! Naturen vaknar igjen frå vintersøvnen. Da er tida inne for å leite etter fine vårteikn.

Når du set deg ned på kne i skogen, vil du oppdage mange vakre former for dyre- og planteliv: Mauren spring i sola. Fuglesongen blir sterkare. Kanskje finn du snart fjør etter orreleik? Er det tiurbæsj som ligg her? Høyrer du gauken borti lia? Er selja også snart klar til at du kan lage seljefløyte? Vil du plukke ein liten bukett med kvitveis? Kjenner du nokon som blir ekstra glad av å få eit bilde av vårblomane? Med falkeblikket ditt vil du også oppdage hoggormen, der han ligg framme og kosar seg i den varmande vårsola.

God oppdagingsferd og lukke til med å finne vårteikna :)
 

Oppdraget er inspirert av forslag frå Ingeborg.