Papir blir laga av trefiber (cellulose) som kjem frå tømmerstokken. Cellulose er eigentleg sukkermolekyl sett saman i lange kjeder. Rein cellulose har kvit farge og kan kjøpast i hobbybutikkar, men me kan også bruka resirkulert papir til å laga nytt papir. Når papir blir handlaga, klarer me ikkje å laga like tynt papir som i ein fabrikk, men prinsippa er dei same.

Gjennomføring

Sett av to dagar til oppdraget. Den første dagen lagar du cellulosemassen og den andre dagen produserer du papiret. Du kan dekorere papiret ditt på ulike måter. Les oppdraget før du sett i gong, då veit du korleis du kan dekorere papiret ditt.

Dag 1

Riv papiret i frimerkestore bitar og legg dei i bløyt minst eitt døgn.

Dag 2 (neste dag eller seinare)

Finmal dei blaute papirbitane med ein stavmiksar. Ta litt og litt papirmasse om gongen og fyll på med vatn. Køyr miksaren varsamt til papiret er vorte til ein grautliknande fibermasse. Hell massen i ei balje (minimum 10 liter) med vatn, og fyll på med fibermasse etter behov. Jo meir fibermasse, jo tjukkare papir. 

Til papirproduksjonen treng du to trerammer. Den eine må vera dekt med netting. Set saman rammene, slik at den tomme ramma ligg øvst. Røyr godt i blandinga slik at massen ikkje søkk til botnar.

Dypp rammene loddrett ned i balja, vri slik at rammene ligg vassrett under overflata. Løft opp og la vatnet renna av. Det skal no liggja eit jamt lag med papirmasse utover nettingen. Viss resultatet ikkje er bra, kan du prøva ein gong til. Hald ramma over balja til vatnet har runne av.

Dekk bordet med eit handkle og legg ein klut oppå. Løft av den øvste ramma. Snu ramma med det våte papiret over på kluten og press ut vatnet med ein svamp. Laus forsiktig ramma frå papiret, og legg ein klut oppå papiret du har laga. Bruk ei kjevla og press ut meir vatn. No er papiret laget og du kan losna det frå klutane som ligg over og under papiret.

Heng opp papiret til tørk. Det kan ta eit døgn før det er tørt.

Skyll rammer og anna utstyr før du sett det bort.

Dekorasjon

Det er mange måtar å dekorera papiret på. Du kan blanda inn ulike ting i fibermassen for å gi struktur i papiret, t.d. kronblad av blomster. Små bitar av reklamepapir i sterke fargar gir også ein fin effekt.

Vil du ha farga papir, kan du putta ein pakke serviettar i ønskt farge oppi saman med det papiret som du skal løysa opp. Du kan også tilsetja fargedropar.

Papiret kan dekorerast med motiv frå serviettar. Klipp eller riv ut motivet og fjern dei to kvite laga bakarst. Legg dekoren på papiret før du pressar ut vatnet frå papiret.

 

Handlaga papir er spesielt. Det gir eit personleg preg og er fint å bruka til å laga kort, bordkort og bilete til å ha på veggen. 

Oppdraget er utvikla i samarbeid med Helene Bakke Oudenstad frå Skogkurs.