Når det blir mørkare ute, er det fint å sjå på stjernehimmelen. Der kan vi finne masse stjerner som vi kan samle i grupper, som kallast stjernebilete. Desse stjernebileta kan vi bruke for å kjenne igjen ulike stjerner og å finne vegen på himmelen. 

Alt du treng er:

  • • ein tom dorull
  • • eit glas eller rund boks som er større enn dorullen
  • • kvit og svart papirark
  • • teiknestift med underlag (td eit kork underlag)
  • • blyant, tusj
  • • teip, limstift
  • • saks

Framgongsmåte:

1. Teikn ein sirkel rundt dorullen på det kvite arket og ein sirkel rundt glas/boks på det svarte arket.

2. Teikn stjernebilete ditt med blyant i den kvite sirkelen og merk av alle stjerner med tusj. Under dokumenter kan du finne ein mal med stjernebilete Karlsvogn og Orion.

3. Bruk teiknestift og underlag og stikk hol i stjerner. Klipp ut kvite og svarte sirklar og lim framsida av den kvite sirkelen (der du har teikna) midt på den svarte sirkelen. Stjernebiletet er nå spegelvendt!

4. Bruk teiknestift igjen for å også stikke hol gjennom det svarte arket. Klipp klaffar i den svarte sirkelen opp til den kvite delen.

5. Bøy klaffar og teip dei fast på dorullen, med den kvite sirkelen på utside.

6. Hald kikkert mot eit lyskjelde som eit vindauge og sjå stjernebiletet ditt i dorullen!