Ønsker du ei ekstra utfordring? Lag din heilt eigen turkopp – frå utskjering til dekorasjon.

I biletgalleriet under ser du korleis du kan laga ein turkopp av vanleg treverk. Men visste du at du òg kan laga ein turkopp av ei rirkule? I tidlegare tider brukte samane rirkuler av bjørk til å lage drikkekoppar av. Desse hengde dei i beltet ved hjelp av ei tvinna lærreim.

Slik lagar du ein turkopp av ein rirkule:

  1. Finn en passande rirkule i skogen. Hugs! Du bør alltid spørje grunneigaren om å få lov til å hente ut virke i skogen hans.
  2. Sag av rirkula. Ta gjerne med friske delar av treet som veks saman med rirkula og bruk det til skaft på koppen.
  3. Ta av borken på rirkula. Om våren når sevja stig, går det ganske greitt. Tips: Kok rirkula i om lag tre timar. Da kan du skrelle den som ein potet.
  4. Planlegg korleis koppen skal sjå ut. Utsida av koppen kan gjerne ha den naturlege forma med dei utvekstane som er på rirkula. Innvendig kan du grev ut med eit holjern og pusse ned med sandpapir.
  5. Til slutt kan du dekorera koppen, til dels ved å koke han i kaffi. Legg koppen i ein kjele med kaffi og la han koke i et par timar, til koppen har fått ønskeleg farge. La koppen tørke sakte, gjerne i ein plastpose.

Dersom du ønsker ei ekstra utfordring, kan du dekorera koppen med teknikken "kolrosing". Viss du gjennomfører dette oppdraget i eit 4H-prosjekt, anbefaler vi at du gjer kolrosing som eit eige oppdrag, fordi det er litt tidkrevjande.