I dette oppdraget skal du laga ein taubrikke som kan brukast som bordskåner.
Taubrikker er greie å bruke på bordet under varme kjelar og gryter.
Du treng:
- Trefiberplate eller planke
- Spikar
- Hammar
- Utskrift av mønsteret til taubrikka
- Blåpapir
- Blyant
- Sisaltau, ca. 5 m, ca. 8 mm tjukt
- Nål og tråd
Fremgangsmåte:
- Teikn mønsteret (sjå vedlegg) nøyaktig over på trefiberplata/planken. Bruk blåpapir.
- Slå inn spikar i merka ved sida av tala.
- Fest tauet på spikar nr. 1. Før det til nr. 2 og vidare etter mønsteret. Der streken går i eitt, ligg tauet over. Der streken stoppar og held fram til andre sida, stikk du tauet under.
- Lag først ein runde. Deretter trær du to rundar til på utsida av første runde.
- Ta brikken av plata og sy saman dei til to tauendane.