Månadskiftet mellom april og mai er tida for orre- og tiurleik. Då kan ein vakne opp i soveposen til lyden av orrfugl som susar og tutar framom orrhønene, eller av ein tiur som slår med vengjene og lagar kneppe- og klunkelydar for å lokke til seg røya. I dette oppdraget kan du oppleve akkurat dette – få med deg ein vaksen i familien og pakke sekken for orre- eller tiurleik!

Leiken er ei markering, der fleire hannfuglar kjempar med kvarandre om kurtise og parring med hofuglane. Hugs difor å ikkje uroe fuglane. Det er viktig å gå forsiktig fram, ikkje skremme eller provosere, og hugse på at tiuren også kan bite og slå i frå seg.

Namnet på dei ulike fuglane
HannfuglHofugl
StorfuglTiurRøye
OrrfuglOrrhaneOrrhøne

 

Orrfuglen trivast gjerne med spel ved myr og ope lende. Tiuren leikar meir i skog. Spør gjerne besteforeldre, foreldre og andre turfolk som veit kor spelplassane er i nærområdet. Mange vil gjerne verne om desse plassane, nett slik som ein vernar om moltemyra eller den spesielle kantarellplassen i granskogen, men spør likevel – leiken er nemleg ein fin aktivitet for å oppleve det unike livet i naturen.

Det er fint å kombinere orre- og tiurleik med ei helgeovernatting – då har ein god tid på seg. Det er lurt å kome fram til spelplassen på ettermiddagen, og klargjere kor ein skal overnatte: Liggjeplassen må vere langt nok vekke til å ikkje skremme fuglane, og nære nok til å få oppleve leiken. Fuglane spelar opp i grålysninga.
 

Dette er lurt å tenkje på før ein går på orre- eller tiurleik:

  • Kor er spelplassen? Er det eit område der du eller andre har observert orrfugl eller tiur/storfugl før? Kjenner du nokon som vil fylgje deg?
  • OP (observasjonsposten) bør gå mest mogleg i eitt med naturen. Ein kan bruke lett kamuflasjetelt eller kamuflasjenett, men ein kan også bruke fantasien for å kamuflere seg med det ein har tilgjengelig.
  • Det er lurt å gå fleire i lag. Hugs å seie ifrå heime kor dykk går, og forventa tidspunkt tilbake.
  • Pakk alltid med fyrstehelpsutstyr på tur. Det bør pakkast slik at det er lett tilgjengeleg.
  • Hugs bålforbodet mellom 15. april og 15. september. Det er tørt i lyng og lendet mange stadar i landet på denne tida.
  • Hugs også sporlaus ferdsel og opprydding etter overnatting i naturen.
     

Lukke til og god tur på orre- og tiurleik!
 

Utstyrsliste:

  • God og varm sovepose
  • Liggjeunderlag som isolerer godt frå den kalde bakken
  • Varme klede, det kan fort bli minusgrader på natta også i april/mai
  • Kveldsmat, frukost og lunsj for neste dag, og noko ekstra mat i tilfelle noko skulle skje
  • Kart og kompass, dersom marsj og leik er i ukjent lende
  • Kikart
  • Lommelykt