Ein friluftshelt har fått opplæring om friluftsliv på styrevervkurset og er ein ressursperson for  friluftslivsaktivitetar i klubben eller nærmiljøet.

I dette oppdraget ska du planlegge gjennomføring av ein friluftslivaktivitet i klubben din. Kva du kan gjere er fullt opp til deg. Nokre eksempel på friluftslivsaktivitetar er tur med mat på bål, orientering med kart og kompass, topptur eller overnattingstur. Bruk fantasien og kunnskapen frå friluftsheltkurset!

Dette oppdraget handlar om planlegging og leiing av aktiviteten. Det betyr at du kan kombinere oppdraget med eit annet oppdrag som passer til aktiviteten du skal gjennomføre, t.d. topptur eller mat på bål, sidan du også deltek på aktiviteten. Kan du ikkje finne eit passande oppdrag, da kan du opprette ditt eige oppdrag og legge til alle medlemar som deltek.