Hjelp andre born og yngre til å oppleve gleda av 4H
Det er kjekt å vere med i 4H og det er enno kjekkare med ein ven eller to i klubben din. Når du bidreg til verveaktivitetar, kan du fortelje andre kor kjekt 4H er og hjelpe 4H til å bli større og synlegare.
Det er ulike måtar klubben kan verve nye medlemar. Det er klubbstyret som til vanleg avgjer kva slags verveaktivitetar klubben skal gjennomføre. Snakk derfor gjerne med klubbstyret om du ikkje er med i klubbstyret.
Nokre eksemplar er:
- Stand på lokale arrangement
- Opent arrangement for alle
- Presentasjon på skule
I dette oppdraget skal du stille på ein verveaktivitet og bidra til å spreie ordet om 4H.